Hopp til innhold

Lanserer ordet "meistermast"

Gløym "monstermastene".

Kraftmast i Aurlandsdalen

EIT MEISTERVERK:..i følgje Ingeborg Breisnes Lunde frå Aurland

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

- Når eg høyrde kåringa av ordet "monstermast", vart eg litt irritert. Den som må laga desse mastene som skal stå ute i vårt terreng og vera så solide, må vera ein meister.

- Meisterverk

Sylfest Lomheim

FINT ORD: Språkprofessor Sylfest Lomheim tykkjer 'meistermaster' er eit fint ord.

Foto: NRK

81 år gamle Ingeborg Breisnes Lunde har både sett og høyrt for mykje gjennom eit langt liv til å kasta seg over telefonen kvar gong ho høyrer noko på radioen ho ikkje likar. Men då programmet Språkteigen gjekk på lufta no i romjula og kåra "Monstermaster" til årets ord, var begeret omsider fullt.

- Me har master rundt oss alle stader. Personleg har eg sett på desse mastene som eit kunstverk.

Ingeborg har drive campingplass og vevstove i Norge sin kraftlinjekommune nummer ein, Aurland i Sogn, lenger enn dei fleste av dykk kan hugsa. Her har ho lært seg å leva med, tolerera og til slutt beint fram elska det fleire og fleire kallar monstermaster.

- Dei som monterer mastene, må også vera meistrar i sitt arbeid. Ofte står dei heilt ute på stup av berga. Og så skal dei montera strengene til desse mastene, som også er eit meisterarbeid. Difor vil eg kalla det meistermaster.

- Eit fint ord

For då ho ein gong fekk oppdraget med å guida ei gruppe svenskar frå Geilo til Aurland - gjennom tre kommunar den eine meir fullstappa med kraftmaster enn den andre, vart ho like godt misjonær.

- Eg tenkte at eg må angripa dette positivt. Så eg starta å lansera dette som kunstverk. Har du tenkt på det? Det skal du gjera, for eg fekk mange til å tenkja på det. Svenskene var så begeistra. Monstermaster er så negativt ladd.

- Det er eit veldig fint ord. Som ord er "meistermast" eit godt laga ord, med same struktur som "monstermast",seier professor og juryformann i Språkteigen, Sylfest Lomheim.

- Er det stas at folk vert så rasande når dei høyrer deg på radioen at dei ringjer til Kringkastinga?

- Ja, det er berre stas, det.

- Har lånt frå norrønt

Generalsekretær Kristin Krohn Devold i Den Norske Turistforening

IKKJE HERMEGÅS: Turistforeningspresidenten hevdar ho kom på order 'monstermaster' heilt av eige hovud.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Presidenten i Turistforeninga har fått æra for å finne opp ordet "monstermast" - og sjølv om Ingeborg påstår meistermastene er eldre, nektar presidenten for at ho har henta inspirasjon deifrå.

- Eg har lånt bokstavrim frå dei gamle norrøne tekstane, seier turistforeningspresident Kristin Krohn Devold.