Hopp til innhold

Magnus (6 md.) har hjartesjukdom – nytt oppslagsverk gjer det lettare å gje medisinar

No kjem landets første oppslagsverk for legemiddel til barn. Det skal gjere det enklare å finne og dosere medisinar til dei aller minste.

Magnus

HJARTESJUKDOM: Seks månader gamle Magnus har truleg ein medfødt hjartefeil som gjer at pulsen kan auke fort. Nå går han på to medisinar.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

– Skal vi lytte litt på han i dag? Får vi lov til det?

På eit konsultasjonsrom på Haukeland universitetssjukehus lyttar overlege Asle Hirth forsiktig med eit stetoskop på den vesle overkroppen.

Seks månader gamle Magnus har truleg ein medfødt hjartefeil – som gjer at pulsen kan auke fort. Nå går han på to medisinar.

Faren til Magnus, Kristian Svela Øglænd, kjenner på ansvaret for det vesle vidunderet.

– No er jo det ein viss rutine på det, men det var jo til dels skremmande å bli sendt heim og ha ansvaret for å medisinere eit lite barn.

For ingen har lyst å gjere feil når det viktigaste i livet treng å få rett dose medisin.

– Barn gulpar av og til. I starten ville han ikkje ha det. Det går lettare no, men vi har vore mykje i kontakt med sjukehuset dei fyrste vekene, fordi han har gulpa opp medisinen og slike ting, seier han.

Kristian Svela Øglænd med sønnen Magnus.

HØG PULS: Fyrste gongen Magnus blei undersøkt på Haukeland universitetssjukehus hadde han 300 i puls. Her er han på konsultasjon saman med foreldra Sara Christian og Kristian Svela Øglænd.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Lite tilgjengeleg informasjon

Norske foreldre skal få det enklare. For no vert Noregs første oppslagsverk for legemiddel til barn lansert.

Slik skal medisin til barn veljast ut og doserast riktig.

Oppslagsverket KOBLE er omsett frå ein tilsvarande katalog i Nederland. Jobben er gjort av ein redaksjon av kliniske farmasøytar med erfaring frå norske barneavdelingar.

Felleskatalogen har for mange vore til god hjelp til liknande formål i fleire tiår. Men i den finst det hovudsakleg informasjon om dosering av medisinar til store barn og vaksne.

Derfor har det vore vanskeleg å finne fram til informasjon om bruk av legemiddel til sjuke barn.

Måtte ringe kollegaer

I KOBLE finst det informasjon om medisinar som givast til barn i Noreg, og kor mykje dei toler ut frå alder og vekt.

Den skal gjere kvardagen enklare for barnelegar og anna helsepersonell. Men også for foreldre som vil dobbelsjekke anbefalte doseringar ved behov.

Seksjonsoverlege Asle Hirth ved Barneklinikken på Haukeland universitetssjukehus har sjølv sakna eit oppslagsverk for dosering av medisinar til barn.

– Før i tida måtte ein leite sjølv, i alle moglege slags artiklar. Elles måtte ein ringe gode kollegaer og bruke erfaring for å finne dei medisinane vi trengde. Bruken vart tungvint, og kanskje ikkje så trygg heller, seier overlegen.

Asle Hirth

TUNGVINT: Det har lenge vore vanskeleg for legar å finne fram til medisinar til born, seier seksjonsoverlege Asle Hirth ved barneklinikken på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Farlegare å gi medisin til barn

Oppslagsverket vil ha stor betydning for barnefamiliar der ute, meiner Hirth.

– Det er farlegare å gi medisin til barn, fordi dei er små, og så veks dei. Når ein har eit slikt oppslagsverk, som gjer at ein får lett tilgang til det, så er det mykje tryggare.

Barneavdelingar ved norske sjukehus har brukt KOBLE sidan nyttår, og har på den måten bidrege til å kvalitetssikre innhaldet.

– Bakgrunnsinformasjon, dosering, den beste kunnskapen som finst, seier professor Thomas Halvorsen ved Universitetet i Bergen.

No er det ope og gratis tilgjengeleg for alle som bur i Noreg.

Thomas Halvorsen

GRATIS: Oppslagsverket er ope og tilgjengeleg for alle. – Det kan brukast uansett om du bur på Finnmarksvidda eller på Majorstua i Oslo, seier professor Thomas Halvorsen ved Universitetet i Bergen.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

– Vil gjere oss tryggare

Leiar Astri Lang i Norsk Barnelegeforening avviser at foreldre får eit større ansvar no som det nye oppslagsverket vert introdusert.

– Det er framleis legen som skriv ut eit legemiddel som har ansvaret. Men eg tenker at det kan vere ein tryggleik for foreldre at dei kan dobbeltsjekke, seier ho.

Foreldra til Magnus skulle gjerne hatt tilgangen tidlegare.

– Informasjon er makt. Dette vil gjere oss tryggare. Det blir lettare for oss å kontrollere at ting er nokolunde innanfor normalen, seier Sara Christiansen.