Hopp til innhold

Langt att for reiselivsmuseet

Fyrste byggjesteg av det som skal bli Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand er no klar til overtaking.

Men framleis står det att mykje før ein kan opne dørene for dei fyrste utstillingane, seier direktør Aage Engesæter for dei Heibergske samlingar - Sogn Folkemuseum.

- Det er eit stort økonomisk løft, og det er ikkje lett å etablere nye museum i Noreg i dag. Frå 1. januar 2007 vart Norsk reiselivsmuseum slege saman med dei Heibergske samlingar, og då er sjansen for å få med staten større, seier han.

Siktar på statsbudsjettet for 2009

Kviknes Hotel
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Første byggjesteg har vore bygd i regi av Kviknes hotell i samband med deira bygging av kongressal. Heile reiselivsmuseet er kostnadsrekna til 55 millionar kroner. Og så langt manglar dei finansiering for neste byggjesteg, som er ein føresetnad for at museet i det heile skal kunne opne dørene for besøkjande.

- Vi har eit håp om at vi kan kome inn på statsbudsjettet 2009, slik at bygging av neste steg kan kome i gang frå neste årsskifte, seier Engesæter.