– Det renn inn med folk og det er lange køar ut av butikken, seier dagleg leiar Solgunn Sårheim Brakestad ved Bakar Jon.
Coop sin vesle lokalmatbutikk på Byrkjelo i Vestland har ei omsetning på ein million kroner i veka no i sommar.
Varene frå dei 120 lokale produsentane er svært populære.
Ofte er det tomt for brød før klokka 12.
Ann-Maria Nydal handla like godt to fulle plastnett med varer då ho stakk innom.
– Vi må alltid stoppe på Bakar Jon fordi dei har så mange gode lokalvarer, seier ho.
KJØPER LOKALMAT: Ann-Maria Nydal stoppar alltid når ho køyrer forbi lokalmatbutikken Bakar Jon på Byrkjelo.
Foto: Oddmund Haugen / NRKForventar større vekst
Administrerande direktør i stiftinga Norsk mat, Nina Sundqvist, er ikkje overraska over tala frå Byrkjelo. Lokalmat har verkeleg vorte populært, seier ho.
– Det er fantastisk at dei gjer det så bra på Byrkjelo. Dette er trenden overalt.
Det vart selt lokalmat og drikke for 12 milliardar kroner i fjor, ein auke på nesten 13 prosent frå året før. Sundqvist trur auken blir endå større i år.
– Tidlegare i sommar var eg på «sidersafari». Der hadde dei allereie gått tomme for enkelte sortar, seier ho.
– Eit eventyr
– Det vi opplever på Byrkjelo er reine eventyret, seier Geir Espe, viseadministrerande direktør i Coop Nordvest.
Omsetninga har skote i været etter pandemien sette inn. Coop Nordvest omsette lokalmat for 175 millionar kroner i fjor. I år kan det nærme seg 200 millionar kroner.
Espe seier at produksjonskapasiteten skal aukast til neste sommar slik at det bli nok lokale varer.
I tillegg trur han koronaen har fått folk til å forstå kor viktige den lokalproduserte maten er for beredskap og sysselsetjing.
TOMME HYLLER: Brødhyllene er ofte tomme i lokalmatbutikken Bakar Jon. Etterspurnaden er står stor at dei ikkje greie å make nok brød.
Foto: Bård Siem / NRKSel juice på «Dronningstien»
Ein av dei som opplever formidabel vekst er Lofthus sideri i Hardanger.
Produksjonen av eplejuice og eplesider har auka frå 2.500 liter i 2015 til 17.000 liter i fjor. I år er målet å produsere 27.000 liter.
Då pandemien kom var dei usikre på korleis det ville bli, men det har vist seg at Hardanger er ein av ferievinnarane for tørste nordmenn på tur.
Salet av sider og juice til dei som går ei av dei mest besøkte turrutene i landet, «Dronningstien», er svært populært.
– Vi må ha eit større varelager, for vi ser føre oss ein auke også framover, seier dagleg leiar Ivar Tveito Eidnes.
POPULÆRT: Eit glas lokal sider eller juice er svært populært for dei som har gått «Dronningstien» mellom Kinsarvik og Lofthus i Hardanger.
Foto: Privat / Privat