Hopp til innhold

No er tunnelen endeleg open

FJÆRLAND (NRK): Hovudfartsåra mellom Sunnfjord og indre Sogn var lenge stengd etter steinras i Fjærlandstunnelen.

Ras i Fjærlandstunnlen

RASA: Slik ser det ut i Fjærlandstunnelen etter at det rasa frå taket i samband med ei planlagd sprenging.

Foto: Sveinung Hovland / Statens vegvesen

Fredags morgon klokka 10 opna Fjærlandstunnelen og Støylsnestunnelen med manuell dirigering og leiebil etter å ha vore stengd sidan torsdag morgon.

– Det må nok meir sikring til før dei kan opne opp, seier Nina Heggernes i Statens vegvesen.

Prosjektleiar Sveinung Hovland seier det er eit stort flak som har losna i tunneltaket.

– Vi ventar no på sprøytebetong. Når den har herda, kan vi bolte, seier han.

Raset gjekk rett før ei planlagd sprenging under tunnelarbeid i natt. Tunnelen som er stengd ligg på riksveg 5 mellom Sogndal og Skei.

Venta i mange timar

Asle Dvergsdal i kø

FOR SEIN: Asle Dvergsdal blei sittande i kø.

Foto: Sondre Dalaker

Asle Dvergsdal møtte NRK gjennom bilvindauget medan han sat i kø på fjerde timen torsdag morgon.

– Eg kom litt over 06.30 i dag og var akkurat for sein til å bli med den gruppa som slapp igjennom då, fortalde han i føremiddag.

Inger Kvam Gurvin venta også i fleire timar. Ho hadde heldigvis med seg strikketøy i bilen.

– Eg lir inga nød, men satsar på at dei blir ferdige slik at vi får køyre vidare, seier ho.

Inger Kvam Gurvin i kø

TIDSFORDRIV: For Inger Kvam Gurvin vart strikketøyet redninga medan ho ventar på å få køyre vidare.

Foto: Sondre Dalaker

Rasa ut

Uhellet skjedde om lag 350 meter inne i tunnelen. Ingen blei skadde som følgje av raset.

– Øvre del av stuffen ramla ned rett før vi skulle til å sprenge. Salva var ferdig båra og dei hadde lada ho og begynt å kople då det skjedde. Massane hamna delvis bort i korga til dei som stod å kopla, fortel prosjektleiar Sveinung Hovland.

– Vi held på å lage ei snunisje for brøytebilar, seier han.

Sveinung Hovland i Statens vegvesen var med og sløkte brann i Frudalstunnelen.

VEIT IKKJE ÅRSAKA: Prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen stadfester at det var arbeid i tunnelen då steinmassar rasa ut.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Dei veit ikkje kva årsaka til raset er.

– Vi veit ikkje kva som skjedde, men det er «sprakefjell» som truleg har losna på grunn av bergtrykket, fortel Hovland, som ikkje veit kor store massar det er snakk om.

Han fortel at dette ikkje er vanleg, men forklarar at det likevel kan skje.

– Eg har vore med på dette ein gong før, men det er ikkje ofte at skuffen rasar ut, seier han, og held fram:

– Ein klarer ikkje å gardere seg mot slikt.

RIKSVEG 5: Raset har gått den 6,4 km lange Fjærlandstunnelen på grensa mellom Sunnfjord og Sogndal kommunar.

– Får store konsekvensar

Klokka 06.30 gjekk trafikken i kolonne i begge retningar. No er det uvisst når ein kan køyre gjennom tunnelen.

For Magne Ahlin, dagleg leiar, Slinde Transport får dette store konsekvensar, han skulle hatt seks bilar gjennom Fjærlandstunnelen i natt og i dag.

– Vi er vande med stengingar på nattetid, men vi som køyrer både medisinar og post som skal fram blir hardt råka av dette, seier han.

Kø Fjærlandstunnelen

KØ: Det er lange køar på begge sider av Fjærlandstunnelen.

Foto: Sondre Dalaker

Ahlin fortel at det heller ikkje er lett å køyre alternative ruter.

– Det er vanskeleg å snu eit vogntog midt oppå fjellet. Dessutan er det ikkje flust av omkøyringsruter, seier han.

Han har sjølv køyretøy som står i kø for å kome gjennom tunnelen.

– Vi har også kviletid å overhalde, noko som gjer det ekstra vanskeleg for oss. Sjåførane blir slitne, og her i distriktet er det tunnelventing om lag kvar kveld. Dette vil også halde fram i lang tid framover, seier han.

Magne Ahlin i lastebilen

VENTAR: Magne Ahlin er dagleg leiar i Slinde Transport og har mange sjåførar på vegane som ventar på at tunnelen skal opne.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Jobbar med opprydding

Inne i tunnelen er dei god på veg med oppryddinga, men det er uvisst når køyretøy får passere.

– Vi har jo både spruta og bolta partiet der det rasa, og det som står igjen vil bli sprengt ut. Vi jobbar med å skyte og rydde veg slik at trafikken kan begynne å gå igjen med leiarbil, seier prosjektleiaren.

Han kan likevel ikkje seie noko om når det vil vere klart for passasje.

– Vi brukar den tida vi treng, for det må vere trygt for dei som skal køyre der. Men vi har berre bora innover vegbana, berre på sida. Så vi er trygge på at dette skal gå bra, seier han.