Hopp til innhold

«Takbanden» fekk lang fengselsstraff

Kosovoalbanaren (47) stakk av frå soning under eit kyrkjearrangement. Nokre månader seinare var han på nytt i gang med innbrotsraid i Sør-Norge.

Tjuvar slår til mot Narvesen i Sogndal

DØMDE: Tjuvane slo til mot Narvesen i mai i år. No er tre menn dømd for eit omfattande innbrotsraid i Sør-Norge.

Foto: Overvakingskamera/Politiet

Det var i samband med eit arrangement i Åsane kyrkje i september at mannen såg sitt snitt til å stikke av frå ei 4,5 år lang fengselsstraff for mobil vinningskriminalitet.

Nokre månader seinare var han i gang igjen. Då saman med to andre kosovoalbanarar på høvesvis 41 og 25 år. I Nordhordland tingrett er mennene dømde for mellom to og tre år i fengsel for ei lang rekkje innbrot og innbrotsforsøk (sjå kartet under).

– Dei tre tiltalte er saman om den kriminelle aktiviteten som framstår som nøye planlagt, og som er profesjonelt utført, skriv dommarfullmektig Anne Marthe Storetvedt.

Depot på Austlandet

Mennene nekta straffskuld då dei møtte i tingretten nyleg. Med unntak av 47-åringen som vedgjekk å ha rømt av frå soning. Men retten meinte bevisa var sterke nok til å dømme mennene. Påtalemakta la fram over 400 sider dokumentasjon under straffesaka.

DNA, trafikksporing, skoavtrykk og mobildata knytte mennene til innbrota i Voss, Time, Odda, Sogndal og Olden. Mennene spesialiserte seg på å ta seg gjennom hol i tak og veggar.

Til saman meinte retten at mennene stal varer for over 730 000 kroner og gjorde skade for 370 000 kroner. Berre tjuvegodset frå Sogn og Fjordane kom til rette då dei vart pågripne i Eid i mai.

– Sporing av mobildata og trafikkdata frå bomstasjonar viser at dei tiltalte har eit mottaksapparat for tjuvegods på Austlandet - og retten viser til at det er tale om varer som lett kan omsettast, skriv Storetvedt.

(Artikkelen held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Aktive fire veker

Innbrota, og innbrotsforsøka, skjedde alle mellom 17. april til 29. mai. DNA-spor knytte 47-åringen til innbrotet i eit tobakkslager i Oslo. Dette var mannen åleine om å bli dømd for.

47-åringen forklarte i retten at han møtte dei to andre i Fredrikstad/Halden-området.

Innbrota dei neste fire vekene vart alle dømde for. Kva som skjedde i forkant av pågripinga 22. mai hadde mennene ulike forklaringar om.

Vart lova arbeid

Til politiet og i retten forklarte mennene at nokre polakkar lova dei arbeid på Vestlandet.

Tjuvegodset, verktyet, finlandshettene og sambandsutstyret som vart funne på campinghytta i Eid, var det andre som skulle ha levert.

– Retten festar ikkje lit til dei tiltalte sine forklaringar, og finn det bevist utover einkvar rimeleg og forstandig tvil at dei tiltalte har delteke i samband med forholda, skriv Storetvedt.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video 7133b856-cd06-4256-996b-d6c969cc128c.png

SJÅ TV-SAK: Vinningskriminelle slår til på bygda.

Tre års fengsel

For retten var det klart at 47-åringen og 25-åringen utførde innbrota. Begge er tidlegare straffedømd for liknande forhold tidlegare. Mennene vart dømde til tre år og to år og fire månader i fengsel. Til frådrag i fengselsstraffa kjem 191 dagar varetektsfengsling.

41-åringen, som retten meinte fekk oppgåva som vakt, vart dømd til to års fengsel. For hans del kjem 65 dagar varetektsfengsling i frådrag.

I tillegg må mennene sjå 55 000 kroner bli inndrege til fordel for fornærma partar. Dei må også betale 370 000 kroner i erstatning til ti verksemder.

Straffa var i samsvar med påstanden frå påtalemakta. Retten fann ingen formildande omstende.

Stort beslag i Eid.

BESLAGET: Dette fann politiet i hytta mennene disponerte i Eid.

Foto: Fotomontasje