Hopp til innhold

Landslagsleiinga følgjer Hovland tett

– Even er ein vi følgjer tett, seier assistenttrenaren til det norske fotballandslaget, Jarl Torske, om utviklinga til Even Hovland (26).

Jarl Torske og Marit Breivik fra Olympiatoppen

FØLGJER MED: – Even er ein vi har følgd og følgjer tett. Han har kome sterkt etter at han kom tilbake frå skade, seier Jarl Torske om Even Hovland.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Med Even Hovland i midtforsvaret har 2. bundesligaklubben Nürnberg klatra frå botn- til toppstrid .

Det har også landslagsleiinga fått med seg. Om to veker tek dei ut troppen til EM-kvalifiseringskampen borte mot Kroatia.

– Å spele fast i 2. Bundesliga, og å gjere det så godt der, er i seg sjølv ein sterk søknad på å komme med, seier assistenttrenar Jarl Torske.

Takkar ikkje nei

Even Hovland

NÜRNBERG: Even Hovland har berre eitt fokus for tida: å halde Nürnberg så høgt som mogleg i 2. Bundesliga.

Foto: Bård Siem / NRK

Hovland sjølv tek det heile med stoisk ro. Veimingen har fått godt med tillit etter André Weiler tok over som hovudtrenar i klubben.

26-åringen står førebels med fire A-landskampar. EM-kvaliken 28. mars ofrar han ikkje ein tanke på no.

– Sjølvsagt har eg lyst til å vere på landslaget, om dei vil ha meg med. Det står ikkje på det. Men fokus mitt er å prestere jamt og trutt for laget. Då får ein kanskje moglegheita, seier den tidlegare Molde- og Sogndal-spelaren.

– Ein bauta

Torske skildrar Hovland som ein solid og spennande spelar for framtida. Landslagsleiinga har sett midtstopparen i sving for Nürnberg.

– Han er ein bauta i midtforsvaret. Tøff i duellane og i lufta, har offensive eigenskapar i form av å sette opp medspelarar framover og ein god pasningsfot. I tillegg har han god fart, seier han og ikkje vil forskottere noko landslagsuttak til EM-kampen.

Likevel:

– Even er i høgste grad aktuell i ein så stor 25 mann stor tropp, seier Torske.

Har ein fordel

Noreg står med tre sigrar og eitt tap så langt i EM-kvalifiseringa, og vann sist 1–0 borte mot Aserbajdsjan.

Utan at han vil vandre nervøst rundt med mobilen i handa når uttaket nærmar seg, vedgår han at han har ein fordel i høve dei andre midtstopparane som vil på landslaget.

– Det er ikkje feil å spele fast ein stad, medan dei andre har ferie og vinterpause. Det er ikkje noko eg tenkjer så mykje på. Det viktigaste er å prestere i Nürnberg så får ein ta landslaget dersom det skulle bli aktuelt seinare.