Hopp til innhold

Landets største vindmøllepark

Selskapa Vestavind Kraft og Zephyr har planer om å etablere ein av landets største vindparkar på Bremangerlandet.

Torsdag skipa dei eit felles selskap som skal stå for utbygginga av vindmølleparken. Selskapet har fått namnet Bremangerlandet vindkraft.

Det er alt søkt om løyve til å byggje inntil 80 vindmøller på Bremangerlandet. Dei skal kunne gje straum til 25.000 husstandar.

Vestavind Kraft er selskapet der BKK, Haugesund Kraft, Sognekraft, Sogn og Fjordane Energi, Sunnfjord Energi, Sunnhordland Kraftlag og Tafjord kraft er med. Målet deira er å byggje ut vindkraft på Vestlandet.

Same mål har Zephyr som består av selskapet Vardar, Østfold Energi og danske DONG Energy. Vardar og Østfold Energi eig i dag vindparken på Mehuken i Vågsøy, som er einaste vindmølleparken i fylket.

Selskapet har berre ein tilsett, og reknar med å nytte arbeidskraft frå eigarselskapa i planlegginga.