Hopp til innhold

Eid-ordføraren såg at eine propellen ikkje gjekk rundt - flyet måtte lande med ein motor

Eid-ordførar Alfred Bjørlo var på veg til Hovden i fly då han plutseleg såg at propellen på eine sida ikkje gjekk rundt.

Måtte lande med ein motor - widerøe

LANDA MED EIN MOTOR: Kort tid etter at flyet landa i Florø, oppdaterte ordføraren Facebook-profilen sin med denne statusen.

Foto: Widerøe/Facebook / montasje

– Nei, det var litt merkeleg å sjå ut flyvindauget og sjå at propellen ikkje går rundt. Men vi fekk god informasjon om kva som skjedde, fortel Eid-ordførar, Alfred Bjørlo.

Han fekk difor bekrefta at eit fly kan lande med ein motor utan at det vert opplevd som ubehageleg. Han var på veg til Hovden, lufthamna mellom Volda og Ørsta då flyet han sat i måtte lande i Florø i staden.

Då kan eg gå god for at det er sant: Det går heilt fint å flyge og lande ein Dash8 med berre éin motor. Men ikkje la det bli ei vane, Widerøe!

Alfred Bjørlo på Facebook

– Eg opplevde det ikkje som farleg. Flyet oppførte seg tilnærma normalt. Det einaste som var litt rart var at propellen stod heilt stilt. Berre dirra. Det var eit absurd syn, fortel Bjørlo.

Manglande kraft

Passasjerane fekk raskt informasjon frå Widerøe etter at det kom indikasjon på at eine motoren ikkje fungerte. Flyet blei liggande å sirkle i lufta ei stund medan dei venta på kva dei skulle gjere.

Widerøe stadfestar at det kan ha vore trøbbel med eine motoren.

– Vi hadde ei maskin som skulle inn til Hovden som hadde indikasjon om manglande kraft på eine maskina. Så då landa den i Florø. Her er det mellom anna lenger rullebane og mekanikar, seier kommunikasjonsdirektør i Widerøe, Richardt Kongsteien.

Kan lande med ein motor

Han forsikrar at det går heilt fint å lande med berre ein motor.

– Men vi tar ikkje av med eit fly med éin motor. Difor ville vi gå til ein plass der vi har hangar og mekanikarar. Når vi mistar den eine motoren så mistar vi ei tryggingsbarriere, seier Kongsteien.

Då måtte dei auke denne på andre områder og valte difor ei lengre rullebane.

– Er dette vanleg?

– Nei, det er ikkje så vanleg at vi mistar motorkraft.

Tok til takke med bakketransport

Som følgje av flyet som måtte til sjekk fekk selskapet ei kansellering i Florø, ei på Hovden og to ved Bringeland i Førde. Alle på grunn av flyet som mest sannsynleg mista motorkraft.

Alfred Bjørlo og resten av passasjerane måtte difor reise vidare med bakketransport til Hovden.

– Heldigvis så skjer ikkje dette så ofte. Men det blei ei skikkeleg mjølkerute med buss, fortel Bjørlo.

Flyet skulle eigentleg lande klokka 16.00 på Hovden, så ordføraren kom fram seks timar seinare.

– Ein må berre ta det med godt humør. Det er eit godt bevis på god tryggleik. Sjølv om ein motor stoppar, så går det greitt, seier Bjørlo som ikkje har teke skrekken av den litt uvanlege flyturen.

– Dette har ikkje gjort noko med mitt forhold til å fly.

Det einaste Bjørlo mista på grunn av den forseinka turen var ein generalprøve til kyrkjekonserten med Eid musikklag, men han lovar å møte opp seinare.