
Illustrasjonsfoto: Scanpix
April var den beste april- månaden nokon gong med ein eksport av sjømat verdt 2,5 milliardar kroner. Aller mest auka lakseeksporten med ein verdiauke på 30 prosent.
- Dramatisk for næringa
Likevel meiner folk i næringa at det kjem til å koma eit konkursras i oppdrettsnæringa snart grunna straffetoll.
- Konsekvensen kjem til å verta dramatisk for ein del selskap, og kjem til å føra med seg konkursar og omstrukturering i næringa, trur styreleiar i Vestnorsk Havbrukslag, Sveinung Sandvik.
Sandvik går krasst ut mot det han skildrar som ein totalt meiningslaus toll.
- Det er heilt naudsynt at ein gjer alt for umiddelbart å få vekk denne urimelege tollen, rasar han.
Stor auke
Lerøy Seafood i Bergen er den aller største av fiskeeksportørane i Noreg. Saman kan dei og dei andre eksportørane i landet totalt notera ein auke på ein halv milliard i fyrste kvartal i år samanlikna med i fjor.
Lakseeksporten auka med heile 30 prosent i april sjølv om EU innførte straffetoll 27. april.
Etterspurd norsk laks
- Det kan få mykje å seia. Særskild for dei som eksporterer til EU-marknaden, som er vår største. Prisane vil bli lågare, og me kan få ein vridning i eksporten frå EU til andre marknader, seier fiskeanalytikar Paul Aandahl ved Eksportutvalet for fisk.
Han torer ikkje å spå om bransjen kan klara seg, sjølv med 25 prosent straffetoll.
- Prisen ute på marknaden er fortsatt svært høg, og det tyder på ein veldig stor etterspurnad etter norsk laks, fortel han.