Det var EFTA som på vegner av mellom andre Noreg starta forhandlingane med Sør-Korea i desember i fjor. Ganske nøyaktig eitt år seinare vil frihandelsavtalen bli underteikna, og det betyr at storeksport av norsk laks kan starte alt på nyåret.
Ola Braanaas. Arkivfoto NRK
Gledeleg for oppdrettarane
Dette er svært gode nyheiter for oppdrettar Ola Braanaas i Firda Management. - For oss er det svært viktig at nye marknader blir opna, og det er gledeleg at styresmaktene har lagt ned såpass mykje arbeid i dette. Sør-Korea er ein av dei første marknadene norske styresmakter har jobba aktivt med å få til ein frihandelsavtale med, seier Braanaas.
EU og USA vanskelege marknader
Norsk oppdrettsnæring har lenge slite med marknadene sine. EU innfører straffetoll med jamne mellomrom, og USA har i lang tid blokkert sin heimemarknad for norske lakseeksportørar.
"Meir opptekne av fred enn handel"
Seinast i går var leiaren i Vestnorsk havbrukslag, Sveinung Sandvik, ute med kritikk mot styresmaktene. Han hevda at dei var meir opptekne av fred enn av handel.
Fleire nye marknader
Men no viser det seg altså at fleire nye marknader er i ferd med å opne seg. Ifølgje Brende er ein no i sluttforhandlingar med fleire land i Afrika. Og til hausten startar intense forhandlingar mot ytterlegare nye marknader i aust.