Lågtrykk i kø: – No må vi kunne kalle det haust

Er du klar for haustvêr? I helga får du ein forsmak på klassisk norsk haust med torden, regnbyer og lågare temperaturar.

Satelittbilete over vêrsituasjonen i Noreg 3. september 2020.
Foto: Meteorologisk Institutt / @meteorologene

Medan torsdagen har vore strålande fin frå Trøndelag og nordover, har regnet bøtta ned over Vestlandet. I løpet av kvelden og natta kjem denne lågtrykksfronten inn over Austlandet.

– Ja, no må vi kunne kalle det haust. No er det lågtrykk som ventar i helga og ingen gode sommartemperaturar, seier statsmeteorolog Marianne Skolem Andersen til NRK.

Enkelte stadar på Austlandet kan temperaturane snike seg opp mot 20 pluss i morgon også, men så er det jamt slutt.

– Helga blir prega av bygevêr, så det er litt varierande kor mykje nedbør det kjem. Alle vil nok få kjenne på byene i større eller mindre grad.

Nøyaktig kor mykje regn som kjem, veit ho ikkje sikkert. Fredag er det også fare for torden i sørlege deler av Trøndelag, sør i Vestland og i nordlege deler av Austlandet.

– Og i morgon kan det bli lokalt kraftige byer på Vestlandet og i Trøndelag.

Statistikken syner at snittemperaturen for august for heile landet blei på 10,1 grader, noko som er 1,4 grader over normalen. Særleg på Austlandet blei det mange fine augustdagar.

Men aller varmast i august blei Etne i Vestland som registrerte 30,4 grader den 12. august.

Tordenvær i vente

TOR PÅ GANG: Det kan bli heftige tordenbyer i Sør-Noreg fredag.

Foto: @meteorologene