Hopp til innhold

Lagmannsretten: Stopp betyr stopp

Hadde politiet teke feil i årevis når dei gav prikkar for dei som ikkje stoppa ved skiltet som viser full stopp? No slår lagmannsretten fast at skiltet berre kan tolkast på ein måte.

Stoppskilt Haukås, Sveio, Vestland.

KRYSTALLKLAR DOM: Ein skal ha prikkar for å ikkje stansa her, slår Gulating lagmannsrett fast.

Foto: Olav Røli / NRK

Ein 19-åring frå Karmøy fekk i fjor tre prikkar i førarkortet etter at han ikkje stansa for eitt stoppskilt på E39 i Sveio i Vestland.

Reglane for stoppskilt er nemleg klare.

Du skal stoppa. Uansett.

Dermed vart det både førelegg, og prikkar i førarkortet for den unge motorsyklisten.

Men 19-åringen var usamd med både reaksjonen, og at han fekk prikkar i førarkortet.

Han hadde nemleg prikkar frå før, og den manglande stansen førte til at førarkortet vart inndrege.

Difor anka han saka vidare til retten.

Full stopp.

I dette krysset er det stoppskilt. Det betyr at du skal stansa.

Foto: Olav Røli / NRK

Lagmannsretten er klare

I Haugaland og Sunnhordland tingrett fekk han langt på veg medhald.

Dei meinte politiet rett og slett kunne ha tolka regelverket feil i mange år.

Og at mange bilførarar difor feilaktig har fått inndrege førarkortet for å ikkje ha stansa for liknande skilt.

Men lagmannsretten forstår regelverket på ein anna måte.

Dei skriv mellom anna:

«Når det i prikkbelastningsforskriften § 2 nr. 5 bokstav a er foreskrevet at «Overtredelse av vikepliktsregler a. etter trafikkskilt 202 «Vikeplikt» og 204 «Stopp»» skal gi prikkbelastning, fremstår det som en unaturlig fortolkning at ikke brudd på stoppskiltet i seg selv skal medføre prikkbelastning,» heiter det i dommen.

Forsvarar: – Regelverket er uklart

Advokat Ben Einar Grindhaug har ikkje fått drøfta dommen med klienten sin.

– Me får komma tilbake til om det kan vera aktuelt å anka saka vidare, seier han.

Grindhaug meiner lovverket er uklart og at ein treng ei avklaring. Trass i lagmannsretten sin konklusjon.

Utover eit juridisk tap, har ikkje dommen noko å seia for hans klient.

Mannen frå Karmøy har fått tilbake førarkortet.

Politiet: – Vår praksis er korrekt

Politiadvokat Sveinung Andersen er nøgd med lagmannsretten sin dom.

– Dommen slår fast at ein skal ha prikkar for å ikkje stoppa for stoppskilt, seier han.

Samstundes er han glad for at saka har vore oppe i lagmannsretten.

– Det var ikkje ei heilt soleklar juridisk vurdering, og difor er me nøgd med resultatet i lagmannsretten, seier han.

No kjem politiet til å halda fram med sin praksis. Stoppar du ikkje for stoppskilt får du førelegg og prikkar i førarkortet.

– Kjem du til eit stoppskilt skal du stoppa på linja. Uansett, seier Andersen.

Stoppskilt Sveio.

Her har mange fått førelegg for brot på regelen om at du skal stoppa.

Foto: Olav Røli / NRK

Ekspertar: Klart regelverk

Ekspertar som NRK tidlegare har snakka med meiner regelverket ikkje er uklart.

– Forskrifta om prikkar er både firkanta og absolutt. Om det er eit brot på reglane, så skal ein ha prikkar. Når ein då har fått nok prikkar, er utfallet gitt, sa Jens Christian Riege, som er advokat i NAF.

Kristin Sandbu, høgskulelektor ved Politihøgskolen, har i mange år undervist framtidige politibetjentar i trafikkjuss.

– Dette er ein ekstra krevjande stad for trafikantar. Då har du ei plikt til å stoppa uansett, nettopp for å vera i stand til å stoppa om det skulle vera ein situasjon. Det vert ein slags dobbelt vikeplikt, meiner ho.