Lagleiar dømd til 21 års forvaring for valdtekt

Ein mann er i Bergen tingrett dømd til 21 års forvaring med ein minstetid på 10 år for eit overgrep som skal ha skjedd på Norway Cup i 2005. Aktor karakteriserer valdtekta som særleg smertefull.

Bergen tinghus oktober 2014

BERGEN TINGHUS: Den dømde mannen er skuffa over dommen.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Den 50 år gamle mannen skal ha forgripe seg på ei jente under 16 år som han var lagleiar for under fotballturneringa, ifølgje Nettavisen.

Minstetida er sett til 10 år.

– Den tiltalte er domfelt for valdtekt gjort på ein særleg smertefull måte som fekk alvorlege konsekvensar for helsa til fornærma, seier aktor i saka, Trond Høvik, til NRK.

Frifunnen på eit punkt

Valdtekta skal ha funne stad på eit rom på skulen der laget budde under turneringa, ifølgje dommen.

I tillegg til 21 års forvaring er mannen dømd til å betale oppreisningserstatning til offeret på totalt 3,7 millionar kroner, skriv avisa.

Han blir frifunnen for eit tiltalepunkt som handlar om påstått, gjentekne overgrep i etterkant av hendinga på Norway Cup i 2005 og fram til og med 2007.

Bistandsadvokat for offeret, Beate Hamre, fortel til Nettavisen at klienten hennar er glad for utfallet.

– Det er ein veldig grundig dom og min klient er letta over å bli trudd.

Dark room-dømd

Mannen sit allereie i fengsel i samband med ei anna overgrepssak.

5. november vart han dømd til 21 års fengsel av høgsterett i ei av dei såkalla «dark room»-sakene for bestilling av overgrep mot 200 små barn på Filippinane.

No er han altså dømd til 21 år i forvaring i tillegg.

– Når forvaringstida er over kan den bli forlenga med inntil 5 år om gongen. Det er viktig i denne typen saker. Vi brukar forvaring for å beskytte mot overgriparar som blir sett som farlege også i framtida, med reell fare for nye overgrep, seier Høvik til NRK.

Han konstaterer at tingretten er samd med påtalemakta i at forvaring er nødvendig for å verne barn mot overgrep i framtida.

statsadvokat Trond Høvik

AKTOR: Statsadvokat Trond Høvik seier valdtekta er gjort på ein særleg smertefull måte som fekk alvorlege konsekvensar for helsa til fornærma.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Vil reinvaske seg

Til Nettavisen seier forsvarar Torbjørn Kolås Sognefest at mannen er skuffa over dommen.

– Tiltalte merkar seg at han, etter å ha vore tiltalt for å ha utført mange valdtekter mot den fornærma over fleire år, står igjen med eitt tilfelle 16 år tilbake. Dette siste tilfellet som han no er domfelt for vil han gjere sitt ytste for å reinvaske seg for, seier Sognefest.

Høvik seier til NRK at ikkje ser nokon grunn til å henge seg opp i at tiltalte vart frifunnen på eit punkt.

– Det har ingenting å seie for resultatet i denne saka. 21 års forvaring er den strengaste straffa du kan få, seier aktor.