Hopp til innhold

Låge straumprisar tek knekken på småkraftverk

Ny rapport slår alarm om mogleg konkursbølgje for småkraftverk. Forklaringa er dei låge straumprisane i store deler av landet.

Ytre Alsåker kraftverk i Ullensvang herad

YTRE ÅLSÅKER KRAFTVERK, VESTLAND: – Det er eit stort paradoks at riksmedia fokuserer på skyhøge prisar i sør, medan kraftverk i andre deler av landet må stanse, seier varaordførar i Gloppen.

Foto: Småkraft AS

Medan Støre-regjeringa planlegg tiltak mot dei høge straumprisane i Sør-Noreg, er situasjonen stikk motset i områda nord for Dovre og Sognefjorden.

Her er det dei låge straumprisane som skaper problem.

For eigarar av små, uavhengige småkraftverk betyr prisnivået at dei er best tent med ikkje å produsere kraft.

Kostnadane til drift, slitasje og vedlikehald er ganske enkelt høgare enn gevinsten. Eit småkraftverk er eit lite kraftverk med produksjonskapasitet under 10 MW.

Fredag formiddag er straumprisen nord i landet 0,72 øre per kilowattime.

Det er eit stort paradoks at riksmedia fokuserer på skyhøge prisar i sør, medan kraftverk i andre deler av landet må stanse fordi det kostar eigarane meir å mate straum inn i nettet enn dei får att for den same straumen, seier Per Jarle Myklebust (Sp), som er varaordførar i Gloppen kommune i Nordfjord.

Resepten han føreskriv er «fortgang i opprustinga av det nasjonale overføringsnettet».

Småkraftverk-eigar i same kommune, Magnar Heimset, peikar på det same problemet: Flaskehalsane og den politiske uviljen mot å ruste opp kraftlinjene mellom nord og sør.

Eg har heile mitt vaksne liv stemt Senterpartiet og har lang fartstid som politisk aktiv i partiet, men no røyner det på lojaliteten, seier han.

Bakgrunnen er at parlamentarisk nestleiar i Senterpartiet, Geir Pollestad, denne veka uttalte at det å byggje kablar mellom nord og sør er «eit blindspor» og «eit heilt meiningslaust tiltak».

Heimseta kraftverk

– No røyner det på lojaliteten til Senterpartiet, seier eigar av Heimseta kraftverk i Nordfjord, Magnar Heimset.

Foto: Heimseta kraftverk

47 prosent må gå i dialog med banken

Same signal har kome frå regjeringa.

I ein kronikk hos Nordnorsk debatt skriv statsråd og Ap-nestleiar Bjørnar Skjæran at dei ikkje vil prioritere fleire straumkablar frå nord til sør.

Grunngjevinga er at det er «uaktuelt å setje Midt-Noreg og Nord-Noreg i same situasjon (som Sør-Noreg)».

Ifølgje leiar i Småkraftforeningen, Knut Olav Tveit, er utjamning ein del av løysinga: Folk i ulike delar av landet må i større grad dele den same røyndomen og dei same føresetnadene.

I dag er landet nærast delt i to. Det har store negative konsekvensar på begge sider, seier han.

Kartet viser transmisjonsnettet i Norden.

På grunn av avgrensingar i straumnettet er det forskjellar på prisen i ulike deler av Noreg.

Foto: Svenska kraftnät

I ein ny rapport signert Småkraftforeningen heiter det at 47 prosent av kraftverka i områda med låge straumprisar har «utilstrekkeleg evne til å betane gjeld», og må gå i dialog med banken.

Rapporten seier vidare at 12 prosent av kraftverka er «antekne å gå konkurs».

Tala viser at bransjen meir eller mindre vert utradert, seier Knut Olav Tveit.

Bjørnar Skjæran

I ein kronikk hos Nordnorsk debatt skriv næringsminister Bjørnar Skjæran (Ap) at dei ikkje vil prioritere fleire straumkablar frå nord til sør.

Foto: NTB Scanpix

Einaste utveg er å selje

Småkraft -ansvarleg i Sparebanken Vest, Geir Flatjord, kjenner att bilete som vert teikna i rapporten.

Slik det ser ut no er det stor fare for at denne situasjonen kan bli langsiktig. Vi har snakka med fleire småkraftprodusentar som vurderer å selje. Ikkje fordi dei vil, men fordi dei ser at det er einaste utveg, seier han.

NRK har tidlegare skrive om utanlandske pensjonsfond med stor appetitt på norske småkraftverk.

Eg går ut frå at bankane er fleksible i forbigåande krisesituasjonar som denne, og at det vil dempe behovet for å selje, seier administrerande direktør i Forte Vannkraft, Rein Husebø (sjå sitatboks for utfyllande svar).

Bergens Tidende skreiv onsdag om ei kraftlinje mellom nord og sør (Ørskog-Fardal) som berre utnyttar 10 prosent av kapasiteten, fordi han vart bygd for å gi kraftflyt andre vegen (nordover).

– Viss denne kan styrast annleis, kan det gi raskare effekt enn nye linjer, seier Husebø.

Lønsemda av å jamne ut forskjellane er større

I februar sa Statnett at dei «revurderer haldninga» om at det ikkje er samfunnsmessig rasjonelt å redusere prisforskjellane mellom nord og sør i landet.

«Vi ser at lønsemda av å jamne ut forskjellane er større enn det vi har lagt til grunn tidlegare», sa Statnett-direktør Gunnar G. Løvås.

I eit skriftleg spørsmål til Olje- og energiminister Terje Aasland spør Ola Elvestuen (V) om regjeringa har fagleg grunnlag for å instruere Statnett til å «leggje bort planane om å betre overføringskapasiteten».

Statsråden har enno ikkje svart på spørsmålet frå Elvestuen.

Til NRK skriv Olje- og energidepartementet at «fordelane og ulempene ved nye leidningsprosjekt må vurderast konkret og individuelt».

Småkraftverk i Bjordal i Vindafjord

Bjordal, Vindafjord: Bak dei uavhengige småkraftverka står bønder og grunneigarar som tradisjonelt ikkje har økonomiske musklar til å handtere store svingingar i pris.

Foto: Roy Mangersnes / Samfoto

Dette er ei trist utvikling

I alt er det i overkant av 300 uavhengige småkraftverk i prisområda NO3 og NO4 (Midt-Noreg og Nord-Noreg). Bak desse står det om lag 1000 bønder og grunneigarar.

Med berre eit par øre per kilowattime over lengre tid er det ingen kraftverk som kan tene pengar, seier Leif Lia, som er «vasskraft-professor» ved NTNU.

Han viser til at private eigarar av småkraftverk «er ekstra utsetje sidan dei ofte har berre eitt kraftverk og sjeldan har ein pose med risikokapital frå annan verksemd».

Han legg til:

Det er ei trist utvikling dersom det politiske målet var å få til ei sterk distriktsnæring med lokalt eigarskap.

Slik har Norge blitt tettere koblet på Europa med kraftkabler

Norge er en del av et kraftmarked som er knyttet til Sverige, Danmark, Storbritannia, Tyskland, Polen, Russland, Nederland og Baltikum med kabler. Målet er å jevne ut prisforskjeller og å styrke energisikkerheten.