Hopp til innhold

Låge smittetal og fritak frå karantene lokkar danskar på noregsferie

JOSTEDAL (NRK): Sjølv om det er færre turistar enn normalt, kan danskane vere redninga for norske campingplassar. – No er ein langt meir optimistisk, seier NHO-topp.

danske feriegjester i jostedalen

AKTIV FAMILIEFERIE: Familien Nikolajsen har rigga seg for ein aktiv noregsferie. Storm (8), Thorbjørn (10), Live (4) og foreldra Martin og Kathrine tek ein runde bordtennis mellom brevandringa og raftinga.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Til vanleg reiser me sørover til sol og varme, men på grunn av covid-19 valde me i år å feriere i Noreg, fortel Katrhine Nikolajsen.

Familien på fem har parkert campingvogna og funne seg til rette på Jostedal camping. Dagen i førevegen vitja dei Nigardsbreen. I dag skal dei rafte i elva som renn like forbi campingplassen.

– Me føretrekker ein aktiv ferie, med vandring og segling, derfor nytta me sjansen og reiste hit. Då Noreg igjen opna grensene bestemte me oss raskt for å bestille ferjebillettar, det blir nemleg fort utseld.

– Betraktar de Noreg som ein trygg destinasjon, med tanke på covid-19?

– Ja, det er både trygt og me kan reise hit utan å vere i karantene. Me ville reise til utlandet og bruke ferien til å oppleve noko. Også tidlegare har me snakka om å vitje Noreg eller Sverige, denne sommaren var valet opplagt. Eg har prata med kollegaer og fleire som tenkjer det same.

Fredag kjem regjeringa med nye reiseråd, inntill vidare er danskar blant svært få som får kome til Noreg.

Martin og Kathrine Nikolajsen danske feriegjester

PÅ NOREGSFERIE: Martin og Kathrine Nikolajsen har lenge vurdert å feriere i Noreg, denne sommaren var dei raskt ute og sikra seg ferjebillettar.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Etterlengta campinggjester

Jarle Buseth, bransjesjef camping i NHO Reiseliv, seier besøket frå våre danske naboar kjem godt med denne sesongen.

– Det er kanskje ikkje så mange danskar som det ville vore ein normal sesong, men mange nyttar likevel høvet til å feriere i Noreg i år. Det byrjar fleire campingplassar å merke no.

Jarle Buseth, bransjesjef camping, NHO Reiseliv

OPTIMISTISK: Jarle Buseth, bransjesjef camping i NHO Reiseliv seier stemninga rundt om på norske campingplassar no er prega av gode besøkstal.

Foto: NHO

– Kva trur du er årsaka til at danskar i år vel Noreg?

– Utreiseforbod og det faktum at Noreg og Danmark har ganske like smittetal er nok avgjerande for fleire. Men norsk natur har alltid vore attraktivt for danskane, sommar som vinter.

Buseth trur campingbransjen jamt over vil sitje att med grei omsetnad, også etter denne sesongen.

– Samanlikna med situasjonen me hadde i starten av april og mai, er ein no langt meir optimistisk. Både mai og juni viser ein auke frå i fjor, og alt tyder på at også juli blir ein god månad.

På stigande kurve

Hjå Astrid Gjerde på Jostedal camping utgjer dei utanlandske gjestene normalt 85 prosent av hytte- og campinggjestene om sommaren. Ho tykkjer difor det er gledeleg å sjå at både finnar og danskar byrjar finne vegen.

– Juni var ingen god månad, då omsetnaden gjekk ned med heile 76 prosent. Juli ser mykje betre ut, og me har stort sett fulle hytter. Også august og september byrjar så smått å fylle seg opp.

Astrid Gjerde jostedal camping

Astrid Gjerde ved Jostedal camping seier årets sesong har vore utfordrande men at juli byrjar sjå lysare ut.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Gjerde seier dei utanlandske gjestene ofte reserverer lang tid i førevegen – og også i år held på bestillinga til det lengste.

– No har eg prata med fleire som har reservasjonar i august og dei alle fleste ønskjer framleis å kome. Om grensene opnar kan me få ein god haustsesong.

Planla noregsferien i eitt år

Etter eit år med planlegging bestilte danse Lisbeth og Paul Kjeldsen seg i januar tur til Noreg. Når NRK møter dei i Bergen er dei glad covid-19 ikkje sat nokon stoggar for reisa.

– Til tider var me svært bekymra for at det ikkje ville la seg gjennomføre, men for nokre veker sidan kom endeleg klarsignalet.

– De er ikkje bekymra for å reise ut av Danmark?

– Ikkje i de heile tatt. Danmark og Noreg har handtert situasjonen ganske likt, med stengde skular og butikkar. Også her er ein bevisst på avstand og bruk av handsprit, så me tykkjer skilnaden blir liten,

Lista over planlagde attraksjonar er lang.

– Me skal mellom anna ta Flåmsbana, segle Geirangerfjorden, køyre Atlanterhavsvegen, vitje Trollstigen, Ålesund og Besseggen.