Hopp til innhold

Lagde tulleradio – no har han laga radio for NRK

Tobias Dyregrov (18) frå Førde har ei stor interesse for journalistikk som overgår dei fysiske handikappa han har.

Tobias Dyregrov (18) frå Førde har ei stor interesse for journalistikk som overgår dei fysiske handikappa han har.

SJÅ VIDEO: Tobias Dyregrov elskar radio og journalistikk. No har han laga sak om den nye storkommunen i Sunnfjord.

Dyregrov som har cerebral parese, går på medielinja på Hafstad vidaregåande skule i Førde. Men interessa for å lage radio har han hatt lenge.

– Eg lagde tulleradio-sendingar heime og på skulen, og endra dialekter etter kvar plass vi skulle til i landet. Det var stort sett nyheitssendingar eg lagde, seier han.

No har Dyregrov vore hjå NRK og laga nokre saker til radio, om eit tema han sjølv er interessert i.

– Det har vore veldig kjekt, og i tillegg får eg vist folk at eg verkeleg kan noko innanfor mediefaget.

Radiosakene han har laga handlar om den nye storkommunen i Sunnfjord. Eit viktig spørsmål som ikkje er bestemt enno, er kva namnet på kommunen skal vere.

– Eg har treft mange flotte og kjekke menneske som svarte bra på spørsmåla mine. Eg har høyrt med dei om kva dei meiner den nye storkommunen skal heite.

Tobias i studio

I STUDIO MED PROGRAMLEIAR: Tobias Dyregrov i studio på NRK Sogn og Fjordane saman med programleiar Erlend Blaalid Oldeide.

Foto: Bård Siem / NRK

Her kan du lese saka om namnekrangelen til storkommunen i Sunnfjord.

Her kan du høyre Tobias Dyregrov si radiosak om namnekrangelen:

Her kan du høyre stadnamnekspert Arne Aasland sine forslag til kva kommunen kan heite: