Lågaste smittetal i Bergen på seks veker, men tre døde i helga

Det er berre påvist 11 nye med covid-19-smitte i Bergen siste døgn. Men sidan laurdag har tre døydd av koronasmitte i byen.

Bergen Røde Kors sykehjem

TO DØDE: Bergen Røde Kors sykehjem fekk sine første koronasmitta bebuarar midt i november, og i helga døydde to av dei. (Arkivfoto.)

Foto: Jørgen Eide / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

(SISTE:) To nye koronadødsfall i Bergen. Totalt har no 51 mista livet i Bergen på grunn av covid-19.

– Natt til i dag og i dag mista me to av våre bebuarar.

Det skriv Bergen Røde Kors Sykehjem i ei pressemelding.

Denne sjukeheimen har gått fri for smitte heilt fram til midt i november. Etter det har dei hatt ti smitta bebuarar, og eit dødsfall 19. november.

– Me tykkjer det er veldig trist og leit å ha fått smitte inn på sjukeheimen.Smittevegen inn til oss er ukjent. Begge bebuarane hjå oss sovna fredfullt og stille inn. Våre tankar og medkjensle går til dei etterlatne, heiter det i pressemeldinga.

Lågt smittetal

Men når det gjeld nye daglege smittetal, kan likevel den store koronabølga i Bergen sjå ut til å ha lagt seg.

– Me er sjølvsagt glade når tala er så låge, seier etatsdirektør og konstituert kommuneoverlege Brita Øygard.

Samstundes minner ho om at tala av erfaring svingar opp og ned.

– Så me vågar ikkje heilt å ta bølgja enno, men me ventar og håpar at tala skal gå ned med dei inngripande tiltaka me har i Bergen no.

Me må heilt tilbake til oktober for å finna tilsvarande låge tal. Måndag 19. oktober vart det påvist berre sju nye med koronasmitte i Bergen. 26. oktober var talet ni, men det skal ha skuldast problem ved laboratoriet.

Sidan har talet på nyregistrerte smitta vore høgt, dei aller fleste dagane over 50. Og to dagar over 100.

For tre veker sidan, fredag 6. november, innførte byrådet ekstra strenge smittevernreglar. Mellom anna den omdiskuterte regelen om maksimalt fem personar samla i private samanhengar bortsett frå familiar som er større.

Brita Øygard

GLAD MED FORSIKTIG: Etatsdirektør og konstituert kommuneoverlege Brita Øygard tilrår ikkje å lempa på tiltaka sjølv om talet nysmitta er lågt.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

Håpte på tydelegare og tidlegare nedgang

– Det er gledeleg å sjå slike tal. Samstundes er det berre nokre dagar sidan me hadde 39 smitta på eit døger, seier helsebyråd i Bergen, Beate Husa.

Difor meiner ho det er viktig å ikkje leggja for stor vekt på talet smitta på enkeltdagar.

– Me hadde nok håpt på ein endå tydelegare nedgang, tidlegare. Me har enno eit høgt smittetrykk i Bergen, slik FHI definerer det, seier Husa.

Ho vel likevel å vera positiv.

– Eg håpar dette er ein nedadgåande trend som også kjem til å fortsetja i veka som kjem, seier Husa.

Verst på fredag den 13.

Veka etter toppa smittetala seg med 125 nyregistrerte fredag 13. november. Men deretter gjekk talet jamt nedover, og den siste veka har det stort sett vore påvist rundt 25 nye smitta dagleg.

Søndag hoppa så talet ned til kun 11. Ein av desse har ukjent smitteveg, og eitt tilfelle er importsmitte, ifølge kommunens nettside. 500 personar testa seg i løpet av laurdag.

At færre enn tidlegare testar seg, uroar helsebyråden.

– Me er opptatt av å få avdekka all smitten. Eg vil oppmoda alle som kjenner på symptom eller har ein mistanke om at dei kan vera smitta, om å testa seg. Det er god testkapasitet no, seier Husa.

Tilrår ikkje endra reglar

Også dei samla veketala for nysmitte viser ei positiv utvikling.

Dei fem siste vekene har hatt følgande tal på nye smittetilfelle: 326, 603, 552, 384, før talet denne veka enda nede på 176.

I morgon er det varsla at byrådet skal vurdera om alle smittevernreglane skal vidareførast.

– Det avgjer byrådet, men etter mitt syn er ikkje tida inne for å lempe for mykje på tiltaka enno. Me må sjå ein meir varig nedgang før me kan ta sigeren, seier Øygard.

Heller ikkje helsebyråden vil seia noko om tiltaka i Bergen kjem til bli endra.

– Me i Byrådet har gjort vurderingar i løpet av helga. Avgjerda landar me ikkje før måndag føremiddag, seier Husa.

Sidan pandemien starta er det no totalt 3825 personar som er stadfesta smitta med covid-19 i Bergen.

Sjå skilnadane: Slik har smitten utvikla seg i Noregs fire største byar

51 døde

Sjølv om smitteutviklinga no ser positiv ut, døydde laurdag ein bebuar ved Slettemarken sykehjem av covid-19. Og søndag kveld melde Røde Kors sykehjem om to dødsfall siste døgn. Dermed har det vore fem dødsfall denne veka.

Totalt har 51 personar i byen døydd av korona.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 23.01.2021
2 120
Smittede/uke
131
Innlagte
544
Døde
71 971
Vaksinerte