Hopp til innhold

Lagar virtuell skipstunnel

Erfarne skipsførarar og losar får i juni segle gjennom ein virtuell Stad skipstunnel. Det melder Sunnmørsposten. Den virtuelle tunnelen, samt to skipsmodellar, vart nyleg testa ut og verifisert ved eit simulatorsenter i København. Målet er å teste om tunnelen kan brukast på den måten som er planlagt, og under dei fleste vêrtilhøve.

Stad skipstunnel, Moldefjorden
Foto: Illustrasjon: Kystverket/Appex