Hopp til innhold

Lagar terrorteater for å skape debatt

Sogn og Fjordane Teater lanserte i dag sitt program for 2015. På menyen står alt ifrå nyskrivne stykke til gamle klassikarar. Men på lista står også eit stykke kalla Fjordmannen som teatersjefen Terje Lyngstad trur vil skape debatt.

Terje Lyngstad

TEATERPROGRAMMET 2015: Avtroppande teatersjef Terje Lyngstad har tidlegare blitt drapstruga etter å ha sett opp kontroversielle teaterstykke. No gjer han det igjen. (Foto: Hibba Sarmadawy, Video: Sindre Sunde Tveit/Steinar Lote)

– Teateret er ikkje berre her for å blid gjere folk.

Det meiner teatersjef Terje Lyngstad. I 2015 har han valt å sette opp stykke Fjordmannen av Stig Amdam. Det handlar om ein ung gut på veg frå eit normal tilvære i ei lita bygd til å bli terrorist. Guten set i gang ein brann gjennom ein eksplosjon på eit asylmottak i Sunnfjord 22. juli 2015.

– Det har mange likskapstrekk med Utøya-drapsmannen, det må me berre seie her og no, seier Lyngstad.

– Eg håpar at det blir teke i mot som eit ærleg ynskje om å gå inn i det som eg kallar for det norske rosetoget, at vi er ein del av det.

Lyngstad meiner at det bør vera rom for å behandle dette temaet kunstnerisk og ikkje berre gjennom avisartiklar sakprosabøker.

Førebudd på kritikk

– Om det kjem negative reaksjonar så skal vi ha respekt for det, men me bøyer ikkje av, av den grunn, seier Lyngstad.

Han er kjent for å ha sett opp fleire kontroversielle stykke som har ført til at han er blitt trua for livet tidlegare, men han håpar det ikkje skjer igjen no.

– Men det er veldig kjekt om dette stykket kan vera kjent for å ta ein kunstnerisk risiko, for det er viktig for eit teater, synest Lyngstad.

Det å vera kontroversiell er ikkje viktig i seg sjølv meiner Lyngstad, men det er viktig for han å jobbe med kontroversielle tema. Dessutan har han tru på at folk kan debattere på ein ordentleg måte med saklege argument.

– No er det over fire år sidan. Eg tenkjer at det kan vera ein god avstand, at det ikkje går for langt tid heller. Eg trur tida er moden for dette stykke, seier teatersjefen.

Politiske diskusjonar som det store bilde

– Vi må ha politiske diskusjonar gåande heile tida, og stille spørsmål som kva slags skulepolitikk og familiepolitikk er det vi fører? Kva slags ansvar er det foreldre har for at barn og unge ikkje fell utanfor? Det er vårt bidrag, det er det vi ynskjer å oppnå.

Grunnen til at teatersjefen synest det er viktig å ta opp slike tema er at mange fell utanfor, det blir større skilnadar i samfunnet mellom rike og fattige, menneske med minoritetsbakgrunn kjem ikkje inn på ulike arena osv, fortel Lyngstad.

– Det er det som er den store saka for meg. Vi skal lage teater som kan gå inn i desse debattane, seier Lyngstad.

– Det viktigaste målet for meg er at det blir kunstnarisk gode førestillingar som blir godt motteke av publikum, at dei synest det held mål kvalitetsmessig og at kritikarane finn dette som godt teater, avsluttar Lyngstad.

Byr på teater for både små og store

Elles er dette planen for 2015:

  • Vaffelhjartet av Maria Parr skal bli spelt for alle skuleelevar på grunnskulen som ein del av den kulturelle skulesekken.
  • Tett på er ein intim kabaret som er eit kjærleiksdrama på eit hotellrom. Den har urpremiere i februar.
  • Kinnaspelet har gått sidan starten i 1985, og skal visast igjen denne gongen òg i juni
  • Dødsdansen av August Strindberg er eit ekteskapsdrama som skal spelast i moderne og historisk versjon med urpremiere i september.
  • Fjordmannen av Stig Amdam blir framført for fyrste gong i november.
  • Så vakker du er av Brynjulf Jung Tjønn er basert på ein ungdomsromanen med same tittel og har urpremiere i desember.