Plastkopi av kroppsdelar gir tryggare kirurgi

Når kirurgane skal utføre ein komplisert kneoperasjon, har dei allereie gjort inngrepet på ein kopi av kneet til pasienten.

Kirurgar gjennomfører operasjon ved hjelp av 3D

3D-MODELL: Under den kompliserte kneoperasjonen, ligg plastkopien like ved sidan av.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

På operasjonssalen ved Lærdal sjukehus er det full konsentrasjon.

Legane skal gjennomføre eit komplisert inngrep på ein pasient med ein anatomi som skil seg ut.

Det siste året har sjukehuset teke i bruk 3D-printing, med stort hell.

På bakgrunn av eit avansert CT-bilete blir det kopiert ut ein tredimensjonal plastfigur. Ein nøyaktig kopi av kneet til pasienten.

Printing av 3D-modell før kneoperasjon

PRINT: Det kan ta over to døgn å printe ut ein nøyaktig kopi av pasienten sitt kne.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Slik kan kirurgane teste nøyaktig korleis protesen skal festast før operasjonen.

Ein operasjon som dette ville truleg ikkje blitt gjennomført utan testinga på førehand.

– Operasjonen ville vore forbunde med betydeleg usikkerheit. Vi ville då måtte teke vala under operasjonen. Og det er ingen god situasjon, seier overlege Truls Jellestad.

Får halde sitt eige kne i hendene

Pasienten er Eivind Halland frå Leikanger, ein av rundt 6000 som skal opererast i år.

Først det eine og så det andre kneet. Begge er heilt nedslitne, utan motstandskraft, etter slitasje over mange år.

Han kjenner seg trygg på at legane får gjennomført operasjonen på ein god måte.

I tillegg får han finstudert plastkopien av sitt eige kne, før operasjonen.

– Målet er å sleppe krykkene, slik at eg kan kome ut og gjere forskjellige ting.

Eivind Helland testar 3D-modellen før han skal gjennom ein krevjande operasjon.

KNE-KOPI: Eivind Halland får halde sitt eige kne i plast før operasjonen. Modellen er 1:1 i storleik.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Rask utvikling

Fleire helseføretak tek no i bruk 3D-printing som hjelpemiddel innan ulike formar for kirurgi. Ved Oslo universitetssjukehus er det på gang eit eige 3D-senter til støtte for ortopedi, gastro, kjevekirurgi og radiologi.

På sikt er målet at legane skal kunne trykke implantat som kan opererast direkte inn i kroppen.

Universitetet i Bergen har allereie kome langt i å 3D-printe menneskebein, som kan føre til at beintransplantasjon blir historie.

I tillegg vekte det oppsikt då det første 3D-printa hjartet vart presentert. Ein del år fram i tid blir det mogleg å bioprinte forskjellige organ som urinblære, bein, hud og knoklar.

Kirurg Trond Jellestad og operasjonsteamet ved Lærdal sjukehus

MINDRE FEIL: Bruk av 3D-modellen gjer at risikoen for feil blir mindre.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Gode erfaringar

Norsk ortopedisk forening seier 3D-printing no har blitt ein «etablert metode» ved fleire avdelingar. Og at erfaringane er positive.

Leiar Trude Basso seier det blir brukt mest for å planlegge kirurgi av kompliserte brot, og ved operasjonar av brot som har grodd i feil stilling.

Nokre år fram i tid ser ho for seg nye bruksområde.

Mellom anna å lage skreddarsydde implantat som er mindre kostbare for pasientar med heilt spesielle behov.

– Kanskje kan utviklinga av denne teknologien gjere dette både rimelegare og meir effektivt.

Kutter ventetider

Seksjonsleiar Rolf Arne Haakonsen brukar ord som «sci-fi» om det som skjer, ikkje minst fordi utviklinga har gått så fort.

Det medisin-tekniske miljøet i Helse Bergen var dei første som testa 3D-printing i helsevesenet. Først på leiken «hobbybasis» i 2014, før det tok av.

I dag jobbar fagpersonar med å lage bitte små øyreproppar til høyreapparat for dei minste barna. I staden for å bestille hos ein leverandør, der det er ventetid på fleire veker, kan ein 3D-printe det lokalt i løpet av eit døgn.

Ørepropp 2

TILPASSA ØYREPROPPAR: Når dei minste barna treng øyreproppar til høyreapparat, kan det lagast lokalt.

Foto: Helse Bergen

Legane har blitt stadig meir positive til det som skjer.

– Dei har veldig fort gått frå å vere undrande: «Treng vi dette», til at mange no ikkje kan sjå for seg å gjere det utan.