Hopp til innhold

Lagar film om eldoradofisket i Nærøydalselva

AURLAND (NRK): Laksefrelste Ole Martin Gilbu ønskjer å smitte andre med basillen. No har han laga ein video av det eventyrlege opningsfisket i Nærøydalselva.

Ole Martin Gilbu (28) frå Kragerø har fiska laks sidan han var tre år gamal. Kvart år blir det fleire turar til Nærøydalselva i Aurland, der han no har laga ein fiskefilm.

ELDORADOFISKE: Etter å ha vore stengt i fleire år, er det no eldoradofiske i Nærøydalselva. Ole Martin Gilbu har laga ein video frå opningsfisket i år. Traileren kan du sjå her.

Ole Martin Gilbu er 28 år og frå Kragerø. Men farssida av familien er frå Gudvangen og Gilbu har vore der kvart år sidan han vart fødd. Laksefiske kom tidleg inn i biletet.

– Eg har fiska laks sidan eg var tre år gamal. Eg hugsar ikkje så mykje av det, men det var vel då eventyret starta, mimrar Gilbu.

Det var far hans som lærte han å fiske. No ønskjer Gilbu å dele kunnskapen og inspirere andre til å byrje med det same. På bloggen sin skriv og deler han videoar av sine beste augneblikk.

– Målet er å dele så mykje fiskeglede som mogleg, seier han.

Siste prosjekt handlar om sesongstarten på årets laksefiske i Nærøydalselva i Aurland. Ei elv han har eitt tett forhold til.

– Den var nesten død og stengt i fleire år. Men etter at det vart innført strengare reglar og kvotar har det teke seg kraftig opp. No har vi det vi kallar eldoradofiske, seier Gilbu.

Storleiken på fisken varierer frå år til år, denne sesongen har mykje av fangsten lege på mellom 6 og 10 kilo. Gilbu er glad for at grepa som vart gjort verkar å ha vore ein suksess.

– Forvaltning er ekstremt viktig når det gjeld laksefiske, seier han.