Hopp til innhold

Laga støttegruppe for offer for menneskehandel

Folk frå heile landet vil støtte Yasmin og dei andre frå Brennpunkt- dokumentaren «Fortell og forsvinn».

Yasmin

FÅR STØTTE: Yasmin var berre ei lita jente då ho vart misbrukt første gong. No, mange år seinare, er ho sterkt prega av eit liv som sexslave. Etter dokumentaren om livet hennar og andre sexslavar har folk frå heile landet engasjert seg.

Foto: Inger Marie Norstrøm / NRK

– Eg har ikkje gjort anna enn å svare på telefon, mail og meldingar sidan programmet vart sendt. Det er svært mange som vil hjelpe Yasmin og dei andre som er utsette for menneskehandel, seier leiar for krisesenteret i Sogn og Fjordane, Wenche Hovland.

I Brennpunkt-dokumentaren «Fortell og forsvinn» forteller Yasmin hvordan hun havnet som sexslave i Norge. Illustrasjon: Renate Rognan/Kjersti Lofthaug/NRK

VART OFFER: Yasmin fortel om korleis ho vart eit offer for menneskehandel.

Dokumentar engasjerte mange

Brennpunktdokumentaren «Fortell og forsvinn» som vart sendt tysdag på NRK, handla om kvinner som vert selde som sexslavar på kryss og tvers av landegrenser. Og korleis dei opplever rettssystemet i Noreg etter at dei har fortalt sine historier til politiet.

Ei av kvinnene, Yasmin, kom til krisesenteret i Sogn og Fjordane for fem år sidan, og har sidan fått oppfølging og hjelp frå dei.

Wenche Hovland

ORGANISERER: Leiar for krisesenteret i Sogn og Fjordane, Wenche Hovland, seier svært mange vil bidra økonomisk for å hjelpe offera for menneskehandel.

Foto: Inger Marie Norstrøm / NRK

Programmet har ført til at fleire vil samle inn pengar og lage støttegrupper og svært mange har teke kontakt med Hovland for å prøve å få dette til.

– Dermed fann vi ut at vi kunne lage ei støttegruppe som har som mål å hjelpe alle som er utsette for menneskehandel. Pengane som kjem inn vil uavkorta gå til å hjelpe desse kvinnene, forklarer Hovland.

Yasmin er sterkt skadet etter 15 år som sexslave. Traumene gjør at hun besvimer når tanker, lyder eller lukter minner henne om årene som tvangsprostituert.

BESVIMER: Tankane vert for mykje for Yasmin som ofte besvimer når ho tenkjer på kva ho har opplevd.

Treng hjelp til alt

For behovet for hjelp er stort.

– Dei har absolutt ingenting. Dei har ingen rettar i Noreg og dermed fell dei ut av alle støtteordningane vi har også. Yasmin treng mykje legehjelp for å i det heile klare seg. Og det kostar mykje. Og alt anna kostar jo pengar.

Støttegruppa, som er på Facebook, har eit eige kontonummer som folk kan setje inn pengar på.

– Det betyr svært mykje for desse kvinnene at folk engasjerer seg. Dei er rørte og takksame for responsen etter programmet, seier Hovland.

«Opprivande og djupt tragisk»

Ungarske myndigheter skriver at de ikke har ressurser til å ta imot Yasmin

FEKK SVAR: Ungarske myndigheiter meiner dei ikkje kan hjelpe Yasmin om ho vert sendt til dei.

Yasmin risikerer å bli sendt til Ungarn der ho er registrert som asylsøkjar. Men dei fortel at dei ikkje har moglegheit til å hjelpe ho. Saka er i rettssystemet i Noreg no, og neste sak skal opp i juni i år.

Hovland, som har fått tilbakemeldingane frå heile landet, seier folk fortel at dei vart opprørte av dokumentaren. Og at den har gjort sterkt inntrykk.

– Folk fortel at det er opprivande å sjå at menneske vert behandla slik og at det er djupt tragisk at det faktisk kan skjer, fortel Hovland.

Afrikanske kvinner blir grovt utnyttet som sex-slaver i Europa. Da Yasmin meldte seg for norsk politi, var hun 27 år, analfabet og så syk at hun neppe noen gang kunne få en normal jobb. Hun flyktet fra en mann som har traffikert henne Europa rundt som sex-slave. Norske politikere lover at de som våger å vitne om sine bakmenn skal få beskyttelse, men Yasmins framtid er like usikker nå som da hun var tvunget til å leve som prostituert.