Hopp til innhold

Raste i 140 km/t i sportsbil gjennom tunnel med toåring i framsetet

Mannen i 40-åra sjokkerte politiet med råkøyringa si med sonen i bilen. No er han dømd til 60 dagar i fengsel.

FILMA SJØLV: Mannen er no dømt for råkøyringa som han sjølv la ut skrytevideo av.

– Dette er fullstendig uakseptabelt og hensynslaust. Han har stor risikovilje.

Det seier politioverbetjent Atle Heradstveit, seksjonsleiar trafikkseksjonen Bergen/Askøy/Øygarden.

Det var i mai at mannen midt i 40-åra trykte gassen godt inn mot botn då han køyrde gjennom Knappetunnelen i Bergen med ein sportsbil.

I framsetet sat den to år gamle sonen hans og sov.

Samstundes held mannen opp mobilen og filmar. Både til sides og mot barnet som sit i passasjersetet framme.

Mann teke for køyring i høg fart med barnet sitt i forsetet, og for mobilfilming.

Mannen la stolt ut skrytevideoen frå turen med barnet sitt i framsetet.

Foto: Videograb / Politiet

La ut skrytevideo

I ein video som mannen publiserte på Instragram kan ein sjå at speedometeret i bilen viser 156 kilometer i timen i tunnelen. Fartsgrensa på staden er 80 km/t.

Ingen frå politiet såg køyringa i Knappetunnelen. Men dei fekk tips om at køyringa var lagt ut på sosiale medium.

Der hadde mannen lagt inn tekstar som «Lets race» og «Farten e ikke fort nok, gutten sovnet».

Mann teke for køyring i høg fart med barnet sitt i forsetet, og for mobilfilming.

Mannen filma sin sovande son under råkøyringa.

Foto: Videograb / Politiet

Mannen vart meld til politiet, og politiet inndrog bilen hans for testing. Politiet stengde av Fløyfjellstunnelen og utførte laserkontroll på sportsbilen.

Dei kontrollmålte bilen til 141 km/t då speedometeret viste 156.

Les også Køyrde i 280 kilometer i timen i tunnel utan fotoboksar

264 km/t i Lyshorntunnelen

To ekstreme råkøyringar på to månadar

Men dette var langt frå første gongen mannen er tatt i fartskontroll.

Eit par månadar tidlegare vart han stoppa av sivilt politi i 80-sona på Fjøsanger i Bergen. Politiet hadde då målt farten hans til heile 184 km/t.

Den gongen køyrde han ein annan sportsbil, og var åleine i bilen.

Medan mannen venta på rettssaka for den første råkøyringa, råkøyrde han altså i Knappetunnelen med barnet i bilen.

– Når du køyrer i denne hastigheita, får du ikkje med deg nokon ting av det som skjer elles i trafikken. Og annan trafikk går jo utruleg mykje seinare, så ein påkøyrsel bakfrå kan få store konsekvensar, forklarar Heradstveit.

Leder for trafikkavsnittet i Vest politidistrikt, Atle Heradstveit

– Fullstendig uakseptabel og hensynslaus køyring, seier politioverbetjent Atle Heradstveit.

Foto: Johanna Magdalena Husebye / NRK

Hadde mange bøter frå før

Ifølge dommen i Hordaland tingrett har mannen tidlegare blitt bøtelagt ei rekke gonger for brot på vegtrafikklova, inkludert for fire fartsoverskridingar og aktlaus køyring. Det siste forholdet var ei fartsbot hausten 2020.

No er han dømt for dei to råkøyringane i år, og for bruk av handhalden mobil den siste gongen. Han vart frifunnen for mangelfull sikring av barnet i bilen, fordi videoen ikkje tydeleg viser om barnet har bilbeltet over eller under armen.

Retten meiner ei passande straff er 60 dagar i fengsel. I tillegg må han vera utan førarkort i fem år før han får ta førarprøva heilt på nytt.

Les også Utrykningspolitiet kritisk til manglande fotoboksar: Her susar 18-åringen forbi politiet

Råkjøring i Lyshorntunnelen

Erkjenner råkøyringa

Tingretten reagerer kraftig på denne typen køyring. Dei meiner mellom anna det er skjerpande at mannen brukar handhalden mobil og hadde eit barn med på turen.

– Han har erkjent køyringa med barnet, opplyser mannen sin forsvarar, advokat Jørgen Riple.

Men mannen er ifølgje Riple skuffa over inndragingstida for førarkortet.

– Det er førebels ikkje avklart om han kjem til å anka dommen, seier Riple.

Advokat Jørgen Riple

Det er førebels uavklart om mannen vil anka, seier hans forsvarar advokat Jørgen Riple.

Foto: Marit Hommedal