Hopp til innhold

Laga gigantisk påskekylling på isen

Ingen påske utan påskekyllingar. Denne påska sytte kreative Kari Bromseth og fem unge medhjelparar eit gigantisk eksemplar i Jølster.

Eskil Åmot Lye og Martin Åmot Lye er stolte av påskekyllingen.

STOLTE: Eskil (7 år) og Martin (4,5 år) Åmot Lye har god grunn til å vere stolt av påskekyllingen dei laga saman med tremenningane Hedda (9 år), Leo (8 år) og Iver (3 år) Kausland.

Foto: Alf Vidar Snæland

Godt synleg frå E39 prydar to knallgule skapningar islagde Jølstravatnet ved Helgheim. Ein inne ved land, og ein litt lengre ute. Til stor glede for både påsketuristar og brukarar av den tjukke isen.

Påskekyllingane vart til i helga. Med Kari Bromseth som initiativtakar.

– Det er jo påske, og så er det kjekt å gjere noko saman i snøen, gliser Bromseth.

Tykte var stas

Bromseth er opphavleg frå Jølster, men bur til vanleg på Sotra. I helga fekk ho god hjelp frå yngre krefter då dei to påskekyllingane kom til verda på isen. Ikkje berre var borna hennar, Hedda (9) år, Leo (8 år) og Iver (3 år) Kausland, med på prosjektet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Påskekyllingar på Jølstravatnet

GODT SYNLEGE: Påskekyllingane på Jølstravatnet har vore til stor glede for både påsketrafikantar og brukarane av isen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det var også brørne Eskil (7 år) og Martin (4,5 år) Åmot Lye. Dei er opphavleg frå Bryne, men har morfar frå Jølster. I helga var dei på hytta si i astrupbygda.

– Eg hadde vel fem-seks ivrige born kring meg. Martin og Eskil tykte det var stas å ha den ståande like utanfor hytta, smiler Bromseth.

Kyllingane fekk namn

Gutane tykte det var så stas at dei endåtil kalla dei opp att etter seg sjølve. Den største heiter Eskil, den litt mindre Martin.

Den største påskekyllingen er kring ein og ein halv meter. Den minste kring ein meter.

– Det var eigentleg fort gjort. Snøen gjekk ikkje å pakke skikkeleg saman, så snøen ligg eigentleg laust. Så farga vi den sjølvsagt gul, ler Bromseth og legg til at ho er usikker på om påskekyllingane vil klare seg gjennom påska.

Stor merksemd

Mor til Eskil og Martin, Mari Åmot, fortel at påskekyllingane vakte stor merksemd.

– Folk som gjekk langrenn på vatnet vart bortom og såg, og far min fekk mange kommentarar frå lokalbefolkninga då han var til Skei. Så desse påskekyllingane har fått stor merksemd, gliser ho.

Vil halde liv i kyllingane

– Dei smeltar fort. Eg var nedom i går og måtte bygge litt opp att og ta på meir farge på den største. Eg reknar med at eg må ned dagleg å sjå til den, gliser ho og vedgår at ho likar å finne på ulike sprell med borna.

Onsdag laga dei ei kring meteren høg snølykt på isen.

– Verken vi eller dei på Bryne har islagde vatn å boltre seg på. Så vi er like glade alle saman. Ungane har kosa seg heile dagane nede på isen, held Bromseth fram.