Hopp til innhold

Kvinnherad-drapet: – Slått i hel medan han låg nede

Politiet meiner 65-åringen låg nede eller sat då han blei slått i hel av dei to kvinnene.

Drap Kvinnherad FLY

FORSVARSLAUS: Blodanalysen av åstaden tyder på at 65-åringen låg nede då han blei drepen.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Undersøkingar var blodsprut og blodflekkar på staden er bakgrunnen for at krimteknikarane meiner 65-åringen låg på golvet då han blei drepen.

Blodspora er i lav høgde, noko som kan tyde på at han låg nede og var ute av stand til å forsvare seg, skriv BA.

Styrka mistanke mot 37-åringen

Ei 37-år gamal kvinna har heile vegen nekta at ho var med på drapet på Sigmund Gravdal.

Dei tre var rusa, og hadde alle tre vore i huset til Sigmund Gravdal i Kvinnherad kvelden drapet skjedde, men 37-åringen seier at ho ikkje var der akkurat då drapet skjedde.

Retten meiner derimot at blodanalysen styrkar mistanken mot henne, og har varetektsfengsla henne i nye fire veker. Mellom anna er blod frå offeret funne på ei jakke og ei bukse som ho hadde på seg.

Den eldre kvinna som er sikta i saka har tilstått at ho slo mannen med eit spett, men hevdar at ho handla i naudverje.

47-åringen har tatt på seg all skuld

Den eldste kvinna har tatt på seg all skuld i saka, men politiet meiner likevel at kvinnene har handla saman.

Forsvararen til den 37 år gamle kvinna har anka dommen om varetektsfengsling til Gulating lagmannsrett.

– Når det ikkje lenger er fare for at prov kan øydeleggjast, burde ho vore sluppen fri. Ingen vil bli støtt om ho lauslatast, seier forsvarar Frode Skogvold til BA.

Retten meiner på den andre sida at det vil støte allmenta si rettsoppfatning å lauslate kvinna før ei rettssak.