Hopp til innhold

Låg kronekurs gir gode tider for hotella

Langs Sognefjorden har mange hotell eit luksusproblem. Det er fullt, til langt ut på sommaren.

Utsikt walaker

UTSIKT: Dette, og låg kronekurs, lokkar turistane til Norge.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Det kjem til å gå mot eit toppår. Vi er på god veg til det. Det blir det beste året på 377 år, det kan eg love allereie no, seier hotellsjef Ole Henrik Nitter Walaker.

Det var Hegnar.no som først skreiv om saka.

I Solvorn sit turistar og nyt sola utanfor det gamle, kvite hotellet. Det er Noregs eldste som framleis er i drift.

Med fjord og fjell som underhaldning til morgonkaffien, er Gill og Jeremy Allison frå England nøgde med ferievalet sitt.

– Vi er glade i å vere ute, og få frisk luft. Og så hadde vi sett mange vakre bilde av Norge, fortel dei.

Men vêret har ikkje imponert.

– Vi kom frå Bergen no. Vi trudde det aldri skulle bli sol!

walaker fult
Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Vil dra sesongen utover

Ein av grunnane til at turistane vel Norge og Norden no, er skremmande hendingar i Europa. Norge kjennest trygt, trur Walaker.

Men i tillegg har det blitt gjort mykje god marknadsføring, meiner han.

– Vi har jobba hardt over lang tid for å bygge opp eit omdøme. Endringa ser vi i at folk bestiller opphalda sine tidlegare enn før, seier hotellsjefen.

Med så godt som fullbooka fram til september, er jobben no å få folk til å kome ut i skuldersesongane.

– Vi kan ikkje bygge for å ta unna meir av toppane i høgsesongen. No må vi spreie kundemassen utover, slik at vi får bruke det vi har bygd opp fleire dagar i året.

Ferske hotellsjefar i Skjolden

Inst i Sognefjorden opna Siri Dalahaug og Aslak Dalahaug opp Skjolden hotell i ny drakt i 2016. I år opna dei i slutten av mars, og har hatt ein hektisk vår.

– Så det er vi veldig takksame for, seier ho.

Der jobbar dei også for å få folk til å kome tidlegare og seinare i sesongen.

– Vi set ned prisane i skuldersesongane, for turoperatørane er alltid interesserte i billigare pris. Det ser ut som det hjelper så langt.

Siri og Aslak Dalahaug

ANDRE ÅR: Siri og Aslak Dalahaug er takksame for at våren har vore travel, det andre året dei driv Skjolden hotell.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Kjem for natur og frisk luft

I resepsjonen på Walaker må Heidi Stevning avvise nok ei førespurnad om rom.

– Det er eit ledig rom her og der, så du kan vere heldig, seier ho. Men mange må snu i døra, men dei som bestilte i tide er nøgde men valet.

– Vi har ikkje tv her ein gong. Vi brukar å sei til turistane at fjordutsikta er underhaldninga. 19 av 20 er nøgde med det!

Walaker hotell resepsjon

TRAVEL: Heidi Stevning har travle dagar i resepsjonen på Walaker hotell.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK