Hopp til innhold

Lærlingar i kø, får ikkje jobb

- 100 lærlingar står i kø, men Fjord 1 tek ikkje i mot.

Det er feil når Fjord 1 seier at det vanskeleg å få tak i unge sjøfolk.

Det meiner styreleiar i norsk maritim kompetanse Hilde Gunn Avløyp.

Norsk innanriksfart har stor mangel på sjøfolk, berre Fjord1-konsernet treng 340 sjøfolk dei neste tre åra for å erstatte dei som skal pensjonere seg.

Avløyp seier over 100 lærlingar står i kø for å få arbeid, og meiner det er undereleg at Fjord 1 ikkje tek i mot fleire når dei manglar arbeidsfolk.