Lærlingane gir vekk julegåva si til barn og unge

Lærlingane kunne fått ei ekstra julegåve under treet. I staden gir dei 10.000 kroner til barn og unge som treng det.

Lærlingar gir vekk julegåve

OVERREKKING: Nokre dagar før jul kunne lærlingane Sølve Halvorsen og Raghad overrekke titusen kroner til UPH ved seksjonsleiar Frank Roger Kalstad.

Foto: Jorunn Eide Kirketeig

– Vi har det fint nok, og treng eigentleg ikkje noko meir, seier Sølve Halvorsen (19) frå Bremanger.

Han er ein av lærlingane i industri- og teknologifag og sal, kontor og administrasjon i Sogn og Fjordane som får ei julegåve frå Opplæringskontoret.

I staden for å opne gåva sjølv, ynskte dei at andre skulle få glede av den.

– Skulle vi trenge noko meir, så har vi jobb. Eg tykkjer at dersom folk treng ekstra hjelp, så fortener dei julegåva meir. Det er betre, og meir rett, seier 19-åringen.

10.000 kroner til UPH

Det er ikkje første, men tredje, året at lærlingane vel å gi pengane til born og unge som kan ha glede av det – framfor å få ei ekstra gåve under treet sjølve.

Lærlingane drøfta fleire organisasjonar som dei kunne gi gåva til, men kom fram Ungdomspost Psykisk Helsevern i Førde var perfekt mottakar av sjekken på 10.000 kroner.

– Eg synest det er kjempefint at lærlingane tenkjer på andre, seier Jorunn Eide Kirketeig, dagleg leiar ved PRO opplæringskontoret.

– Flott ungdom

For Halvorsen vart julegåva personleg. 19-åringen byrja i haust på to år i lære som prosessoperatør ved Elkem Bremanger i Svelgen.

– Eg har hatt dårleg mental helse sjølv, og tykkjer at andre som har det fortener all hjelp dei kan få, seier han.

– Det viser kor flott ungdom vi har. Dei vel vekk julegåve og gir den andre som treng meir oppmuntring, seier Kirketeig.

Skal brukast på aktivitet

– Vi set veldig stor pris på at ungdommane tenkjer slik. Det er ikkje ei sjølvfølge, seier seksjonsleiar Frank Roger Kalstad ved UPH.

Pengane skal gå til ein aktivitet for ungdommane.

– Pengane skal nok enten gå til ei oppleving eller aktivitetsutstyr som dei har bruk for, seier Kalstad.