Hopp til innhold

Lærer deg å laga desse sjølv

Vibeke Fantoft Magnesen begynte å hekle ei natt for eitt år sidan da ho ikkje fekk sove. No har heklinga blitt bok.

BAMSER

JAPANSK TEKNIKK: Elgen Einar, apen Anton og hunden Herman er laga med den japanske hekleteknikken Amigurumi.

Foto: STINE MARI VELSVIK / NRK

– Eg blei skikkeleg hektet den natta, eg syntest hekling var så gøy, seier Vibeke Fantoft Magnesen.

For berre eitt år sidan kunne Fantoft ikkje hekle. No gir ho ut ei heil bok med hekleoppskrifter på kosedyr, uroer og rangler.

– Boka er heilt fri for bestemorruter, seier Fantoft Magnesen.

Bamser med personligheter

I boka finn du ti forskjellige dyr med kvar si personligheit. Der finn du den nærsynte og sta elgen Einar og apen Anton som er litt redd for å klatre i tre. Dei er begge blitt ein del av Fantoft sitt hekleunivers.

– Det er ein historie til kvar bamse, slik at også barna synest det er kjekt. Dei kan bla i boka og finna sin favoritt.

Høyr heile intervjuet i morgonsendinga fra NRK Hordaland:

Fann ikkje oppskrifter

Heklemetoden Fantoft Magnesen brukar heiter Amigurumi. Det er ein japansk kunstform som vart populær på 80-talet. Og det var på Youtube ho lærte det.

– Youtube er eit hett tips til de som vil lære seg å hekle, der er det mange gode videoar, seier Fantoft Magnesen.

Ho elska å hekla, men hadde problem med å finna oppskrifter.

– Etter kvart oppdaga eg at det fanst veldig få oppskrifter på norsk. Så eg byrja å laga mine eigne oppskrifter. Etter ei stund kom tanken om at dette kanskje kunne bli ei bok.