Lærdalselvi. Arkivfoto NRK
Han er ikkje nøgd med sjøaurefisket, men laksefisket har vore godt. Over fire tonn med laks er landa langs Lærdalselvi, og vel tre av desse tonna er storlaks, det vil seie fisk over sju kilo. - Vi er veldig godt nøgde med laksefisket. I 2003 var det veldig mykje smålaks i elva, i fjor kom mellomlaksen og i år kom storlaksen.Og når det blir teke mange storlaksar, så blir det for ein del kilo av det, seier Eltun.
Langt att til velmaktsdagane
Men om fangsten var god i år, så er det framleis eit stykke igjen til velmaktsdagane, før utbrotet av laksesjukdommen gyrodactylus salaris. Då låg snittet på sju tonn i året. - Vi må hugse på at vi har hatt gyro-smitte sidan 1996. I 1997 og 1998 hadde vi god gyting. Utan det hadde vi ikkje hatt dei resultata vi ser i år, seier Knut Eltun.
- På topp att om fire-fem år
Han reknar med at dei på nytt får fangstar opp mot sju tonn om fire til fem år, dersom behandlinga av elva i år er velukka. Men dei to-tre komande åra reknar han med ikkje blir så spreke når det gjeld fangsten.