Hopp til innhold

Lærdal får lensmannskontoret

Politimeister Kaare Songstad vil at politikontoret for Årdal, Lærdal og Aurland skal plasserast i Lærdal. Samstundes vil han leggje ned 11 lensmannskontor i Sogn og Fjordane.

Vegtrafikksentralen i Lærdal

POLITISTASJON: Den nye lensmannskontoret for Lærdal, Aurland og Årdal kan bli plassert i dette bygget i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving

Plasseringa av lensmannskontoret for Årdal, Lærdal og Aurland kommunar vart utsett både i regionlensmann Arne Johannessen si innstilling, og i politimeister Kaare Songstad sitt første forslag som var ute til høyring i haust.

Lærdal meir sentralt

No er høyringsrunden slutt, og politimeisteren har bestemt seg. Og i si endelege tilråding til Politidirektoratet fortel han at valet mellom Lærdal og Årdal ikkje var enkelt. Årdal har fleire innbyggjarar og meir kriminalitet enn Lærdal. Men Lærdal vinn på grunn av ei meir sentral plassering i området, heiter det i pressemeldinga.

Lærdal er eit trafikknutepunkt, og køyretida til både Årdal og Aurland er akseptabel, meiner politimeister Kaare Songstad.

Regionlensmann Arne Johannessen seier det er fleire grunnar for valet, men at sentral plassering vart det viktigaste argumentet.

Arne Johannessen, regionlensmann i Sogn

FORSVARLEG, MEN..: Regionlensmann Arne Johannessen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Lærdal ligg midt i denne vaktregionen, det er like lang avstand til Aurland og Årdal. Vi har sjukehus i Lærdal, og vi har ein viktig samarbeidsaktør i Statens vegvesen. Ikkje minst går hovudtrafikkåra i regionen gjennom Lærdal.

– Ikkje lett avgjerd

Johannessen viser til at det skjer mange trafikkulukker på E16, ein del av dette i lange tunnelar. Men han vedgår at det ikkje var ei lett avgjerd.

– Årdal har mange gode argument, som at det er den suverent største kommunen, det skjer mykje der. Men vi prøver å sjå ti-tjue år framover i tid, og målet er å skape eit minst like godt politi sjølv om vi legg ned kontor.

På spørsmål om det er forsvarleg å ha ein kommune med nesten 6000 innbyggjarar utan lensmannskontor viser Arne Johannessen til at det er ei politisk avgjerd å kutte i talet på lensmannskontor.

– Vår jobb er å gjere det beste ut av vedtaka som er fatta i Oslo. Eg meiner det er forsvarleg, men det blir ei kjempeutfordring å vise innbyggjarane at vi kan levere like gode tenester der kontor blir lagde ned.

I tillegg står Songstad ved forslaget sitt om å leggje ned følgjande lensmannskontor i Sogn og Fjordane: Selje, Balestrand, Gaular, Jølster, Askvoll, Hyllestad, Luster, Aurland, Gulen og Solund, i tillegg til kontoret i Årdal.

Derimot er lensmannskontoret i Svelgen berga. I høyringsforlsaget ønskte Songstad å leggje ned kontoret, men i hans endelege tilråding får Bremanger behalde lensmannskontoret.

Han rår vidare til Sogn og Fjordane skal vera ei geografisk driftseining, og ikkje tre som i dag. Innunder denne geografisk driftseininga vil politimeisteren ha tre tenesteeiningar/lensmannsdistrikt: Sogn til og med Balestrand og Vik, Sunnfjord medrekna Høyanger, Hyllestad, Bremanger og Gloppen, medan resten av Nordfjord blir ei eining.