Lærarar om symjekrav: – Uoverkomeleg for enkelte

Obligatoriske krav i symjing skal sikre at norske barn er symjedyktige. Men ikkje alle meiner krava er like realistiske.

Breim skule

FØRSTE TIME SYMJING: Leon Midtbø Sæthre og Othilie Kristiansen Støyva går i fjerdeklasse og likar å ha symjing.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det er veldig gøy. At vi lærer oss å symje og nokre gonger får frileik, seier Leon Midtbø Sæthre.

Det er første time fredag. Det betyr symjeundervisning for fjerdeklassingane ved Breim skule i Gloppen.

Elevane plaskar med beina så vasspruten står. Dei sym nokre lengder med flytebøye, så utan.

Leon og klassekamerat Othilie Kristiansen Støyva synest det er kjekt med symjing.

Men undervisninga er ikkje utan krav.

Før jul skal elevane gjennom ei obligatorisk ferdigheitsprøve i symjing:

Ein fjerdeklassing skal greie å falle uti vatnet, symje hundre meter, dukke ned ein etter ein gjenstand, flyte tre minutt og så symje hundre meter på rygg og ta seg opp på land.

– Litt vanskeleg, kanskje, trur Othilie om kravet.

Kva er vanskeleg?

– Å symje fire gonger fram og tilbake og flyte på rygg.

– Litt ambisiøst

Line Engevik og Knut Åge Hauge er symjelærarar ved Breim skule. Dei synest det er fint at elevane har mål å strekke seg etter, men kallar kravet til fjerdeklassingane «litt ambisiøst» sett opp imot tida dei har i bassenget.

– Det er nokre som klarer det, men der er nokre som slit med enten delar eller heile. Det kan vere flytedelen eller lengda på symjinga, seier Hauge.

– Eg trur det er mange vaksne som òg hadde hatt problem med å klare kravet, seier Engevik.

Breim skule

SKAL TA SYMJEPRØVE: Fjerdeklassingane ved Breim skule skal ta symjeprøva før jul.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Meiner krava er gode

I ei undersøking frå juni svarte berre fire av ti 4.-klassingar at dei kan symje 200 meter.

Jan Kjensli, utviklingskonsulent i Noregs Svømmeforbund, synest ikkje kravet om å symje 200 meter, dukke og flyte er for høgt sett opp imot alderen til elevane.

Kjensli meiner mange skular og kommunar får det til og har høg grad av måloppnåing.

– Krava er gode, så handlar det kanskje om kva tid dei har til rådvelde for å nå måla.

Men at fire av ti meiner dei greier å symje 200 meter, overraska. Dette er dårlegaste resultat sidan 2003. Nedstenginga av landet våren 2020 kan vere del av forklaringa.

– Då miste fjerdeklassingane undervisninga resten av året, det vil seie nær tre månader opplæring. Då er min neste tanke – startar opplæringa for seint?

Hele Norge svømmer: Jan Kjensli, Norges svømmeforbund ved bassenget ved Norges Idrettshøgskole

MÅ BEGYNNE TIDLEG: Jan Kjensli i Noregs Svømmeforbundet meiner det å starte symjeundervisninga tidleg og legge ein plan ut frå ferdigheitene til elevane er blant nøklane til å lukkast med opplæringa.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

Mange greier kravet

Bergen er blant kommunane i landet som har lukkast best. Tal frå før pandemien syner at 84 prosent av fjerdeklassingane greidde å symje 200 meter.

– Det er eit kompetansemål som er ganske hårete, vedgår Hanne-Guri Arnesen, dagleg leiar for Svøm Bergen.

Her samarbeider Bergen kommune, Svømmeforbundet og symjeklubbar. Instruktørar frå klubbane og skulepersonale underviser elevane i mindre grupper og på deira ferdigheitsnivå.

Modellen har vore ein suksess i Bergen. Arnesen meiner også andre kan få same resultat. Ho viser mellom anna til at Svømmeforbundet tilbyr kommunar bistand i symjeopplæringa.

– Bergen er ein stor kommune med fem symjeklubbar med gode ressursar, men det finst ressurspersonar og symjeklubbar nesten i heile landet.

Ventar svar

Ferdigheitsprøva blei innført skuleåret 2017/2018.

Dei siste sikre tala om ordninga er frå 2018. 14 prosent svarte då at alle elevane ved skulen var symjedyktige etter fjerdetrinn. 78 prosent svarte at dei fleste elevane hadde gjennomført og meistra dei fleste øvingar, fortel Anja Johansen, statssekretær (V) i Kunnskapsdepartementet.

Neste vår skal direktoratet gjere ei ny utspørjing med same spørsmål som i 2018.

– Når ein har forbetra læreplanen såpass mykje er det ei erkjenning av at noko måtte forbetrast, men så tek det tid å oppnå så ambisiøse mål, seier Johansen.

Symjetimar fram til jul

Ved Breim skule er bassenget ope frå august og til jul. Så går det til skulestart året etter før elevane får undervisning igjen.

– Hadde vi hatt bassenget heile året hadde vi hatt dobbelt så mykje undervisning. Då hadde dei kanskje greidd kravet betre enn i dag. Men det er også eit veldig ambisiøst mål, seier Engevik.

– Vi må berre gjere det beste ut av det og få dei til å symje før jul.

Breim skule

UNDERVISNING: Éin gong i veka frå skulestart og fram til jul har fjerdeklassingane symjeundervisning. Her øver dei seg på å lage straumar i vatnet.

Foto: Benedikte Grov / NRK