Hopp til innhold

Brukar 60 millionar på ferske lærarar i grunnskulen – null på vidaregåande

For Sondre Kvamme blei overgangen frå student til lærar på vidaregåande tøff. Hadde han vore lærar for yngre elevar hadde han fått hjelp før han droppa ut av yrket.

Sondre Kvamme

LURTE PÅ MYKJE: – Eg trur ikkje det er noko lettare å byrja som nyutdanna lærar på vidaregåande enn i grunnskulen, seier Sondre Kvamme.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Det vanskelegaste for meg var nok å plutseleg få ansvar for ei gruppe med elevar. Å tenkja på korleis eg skulle hjelpa elevane heldt meg våken om nettene.

Sondre Kvamme byrja som norsklektor på ein yrkesfagleg vidaregåande skule i fjor haust.

Overgangen frå å vera lektorstudent til kvardagen som lærar var ikkje berre enkel, synest han.

Han er blitt ein del av statistikken: Om lag ein av seks lærarar er ute av skuleverket fem år etter dei er nyutdanna.

Fleire år på å bli komfortabel

Nederlandsk forsking peikar på at det tar mellom tre og seks år å bli komfortabel i lærarrolla.

For å gi nyutdanna lærarar i grunnskulen ein betre start, løyvde Kunnskapsdepartementet i fjor ein pott på 60 millionar kroner til rettleiing.

Men nye pedagogar på vidaregåande fekk ingenting.

Rettleiingsordninga betyr at rettleiar og nyutdanna blir kjøpte fri for å evaluera jobben den nye læraren gjer.

Utan statleg støtte må skulane eller fylka setja av pengar. Det er det ingen av fylka som svarar at dei gjer, i ei rundspørjing NRK har gjort.

Illustrasjonsbilde av elever på videregående skole

DROPPAR UT: Det har vore mykje fokus på elevar som droppar ut av vidaregåande. Men også lærarar droppar ut frå norsk skule.

Foto: Hordaland fylkeskommune (illustrasjon)

Hadde rettleiar, men ikkje tid

Sondre Kvamme fekk rettleiing frå ein av sine kollegaar, men ynskte at det vert sett av meir tid.

Etter jul byrja han å arbeida med å undervisa studentar på ein høgskule i staden. Mellom anna fordi han synest det var lettare.

Kvamme vil gjerne tilbake til vidaregåande, men ynskjer seg meir tid til rettleiing.

– Eg trur ikkje det er noko lettare å byrja som nyutdanna lærar på vidaregåande enn i grunnskulen.

Manglar ikkje på rettleiarar

Ingrid Helleve, professor i pedagogikk ved UiB, har i mange år forska på korleis det er å vera nyutdanna lærar. Ho stadfestar at rettleiing i starten er viktig.

– Nye lærarar kan ofte lura på alt ved yrket. Rettleiing kan i mange tilfelle vera heilt avgjerande for om ein vel å fortsetja.

Ifølgje Helleve blir det kvart år utdanna mange rettleiarar på vidaregåande skule.

– Eg skjønar ikkje kvifor ein så ikkje brukar dei.

Ingrid Helleve, professor i pedagogikk ved UiB

UTDANNAR RETTLEIARAR: Ingrid Helleve har i mange år utdanna rettleiarar til skuleverket, og ynskjer at dei skal bli meir brukte.

Foto: UiB

Vil sjå om det finst pengar i budsjettet

Dei 60 millionane som vart løyvde til nyutdanna i grunnskulen, ser etter alle solemerke ut til å ha blitt brukt godt. Det kjem fram i ein delrapport om ordninga.

Kunnskapsdepartementet er glad for resultatet, og vil vurdere å finne pengar også til dei nyutdanna på vidaregåande.

– Resultatet gjer det relevant å diskutera om me bør få på plass ei liknande ordning for nye pedagogar på vidaregåande, og kanskje også i barnehagen, seier statssekretær Grunde Almeland (V).

Almeland_Grunde

GLER SEG: Statssekretær Grunde Almeland (V) gler seg over at dei 60 millionane til nyutdanna i grunnskulen har blitt godt brukt. Kanskje finst det også rom for ei liknande ordning for andre pedagogar.

Foto: PETER MYDSKE