Hopp til innhold

Politiet: – Dette er ei svært alvorleg sak

Ein lærar på ein vidaregåande skule i Sogn og Fjordane er sikta og varetektsfengsla for det politiet meiner er grove overgrep via sosiale medium.

Bergen fengsel våren 2018

FENGSLA: Ein lærar i 40-åra frå Sogn og Fjordane har sete varetektsfengsla sidan 9. november. Måndag vil politiet be om ytterlegare fire veke for å få ro til å etterforske saka mot han.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

– Dette er ei svært alvorleg sak, som vi prioriterer høgt å få etterforska, seier politiadvokat Kristine Knutsen-Berge.

Familiemannen jobbar ved ein vidaregåande skule i Sogn og Fjordane og blei pågripen i byrjinga av november..

– Vi har gjort ransakingar og gjort beslag både i heimen og på arbeidsplassen. Beslaga er sikra og delar er gjennomgått, seier Kristine Knutsen-Berge, politiadvokat ved Vest politidistrikt.

Nektar straffskuld

Mannen har sete fengsla i nær ein månad. Måndag vil politiet be tingretten om å få halde på mannen i ytterlegare fire veker.

– Han vil då setje seg imot vidare fengsling. Mannen erkjenner ikkje straffskuld slik siktinga ligg føre no, seier forsvarar Arvid Mellingen i ein knapp kommentar.

Politiadvokaten ynskjer ikkje å gå i detalj på kor mange fornærma det er, eller å gå i detalj på forklaringa til mannen eller kva dei meiner han har gjort.

– Han var i avhøyr i går og samarbeider bra med politiet. Eg kan ikkje gå i detalj på mannen sine forklaringar, men han nektar straffskuld, seier Knutsen-Berge.

Skulen er orientert

Kristine Knutsen-Berge

POLITIADVOKAT: – Dette er ei svært alvorleg sak, som politiet prioriterer høgt å få etterforska, seier Kristine Knutsen-Berge.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Rektor ved den aktuelle skulen seier at både elevar og tilsette er informerte om pågripinga, og at skulen blir drifta som normalt.

– Han har hatt full tillit hos oss, og vi har ikkje hatt grunnlag for å mistenkje han for noko. Han har gjort ein veldig god jobb i undervisningssamanheng, seier rektoren.

Rektoren seier saka er trasig for alle partar, og minner om at ein er uskuldig til det motsette er bevist.

– Så lenge nokon er varetektsfengsla for at politiet skal finne ut om ei skulding er rett eller ikkje, så vil ikkje eg ta stilling til saka, seier rektoren.

Forhold frå i år

Etter det NRK kjenner til, meiner politiet at mannen skal ha operert gjennom sosiale medium. Forholda han no er sikta for, skal ha skjedd i år. Mannen skal ikkje vere kjend for politiet frå før.

Saka vart meld til politiet, men Knutsen-Berge vil ikkje kommentere av kven.

Ho vil heller ikkje kommentere forhold rundt dei fornærma, men politiet skal førebels ikkje mistenkje at nokre av mannen sine elevar er blant desse.

– Det er gjort fleire avhøyr av ulike personar, og nokre er avhøyrde fleire gonger. Det står att ein god del arbeid med databeslaget, mellom anna undersøkingar for å identifisere brukarkontoar, seier politiadvokaten.

Etterforskar breitt

Politiet har førebels ikkje mistanke om andre mistenkte i saka.

– Men det er ein del av det vi undersøkjer, så vi kan heller ikkje sjå vekk frå det, seier ho.

Ho ser heller ikkje vekk ifrå at siktinga kan bli utvida.

– I saker med oppbevaring av overgrepsmateriale, der det også er gjort seksuallovbrot mot born, så etterforskar vi alltid breitt for å finne ut om det har vore fysiske overgrep mot born. Det gjer vi også i denne saka, seier ho.