Hopp til innhold

Lærar laga falskt vitnemål - no må han i fengsel

Mannen la ved eit falskt vitnemål då han søkte på ei fast stilling som lærar i kommunen han bur i. Målet var å stå fram som utdanna lærar frå den aktuelle høgskulen.

Mannen frå Sogn og Fjordane vart avslørt, og forfalskinga hamna dermed i tingretten

Det var hausten 2014 at mannen forsøkte å skaffe seg lærarjobb i ein kommune i Sogn og Fjordane. I retten tilstod han å ha lagt ved søknaden eit falskt vitnemål frå ein høgskule ein annan stad i landet. Men i forklaringa peika han på at han ikkje har fortrengt andre søkjarar fordi det ikkje fanst søkjarar som var kvalifiserte til stillinga.

Han presiserte og at handlinga ikkje var økonomisk motivert.

– Men det er likevel på det reine at sikta har fått utbetalt meir enn 300 000 kroner for mykje i løn som følgje av det falske vitnemålet. Retten kan uansett ikkje sjå at desse forholda verkar formildande i saka, skriv dommaren i si vurdering av straffeutmålinga.

Dommaren i Sogn og Fjordane Tingrett syner til at det er vanleg å gi ubetinga fengselsstraff i denne typen saker.

– Etter ei samla vurdering finn retten at straffa passane kan setje til fengsel i 14 dagar.

Mannen samtykkja i at saka kunne avgjerast som tilståingsdom i tingretten.

Han har no skifta arbeidsgjevar og jobbar som lærarassistent ved ein annan skule i fylket.