Hopp til innhold

Lærar døydde etter koronasmitte

Ein lærar på Kvam vidaregåande skule døydde i slutten av februar etter å ha blitt koronasmitta. Det bekreftar Vestland fylkeskommune.

Øystese gymnas

KVAM VGS: Læraren vart smitta på Kvam vidaregåande skule. Bildet viser skulebygget i Øystese.

Foto: Vestland fylkeskommune

Vedkommande var lærar på Kvam vidaregåande.

Opplæringsdirektør i Vestland, Bjørn Lyngedal, seier at det kan føre til auka uro blant lærarar.

– Det er veldig uheldig når slikt skjer og forsterkar naturlegvis uroa blant lærarar for å bli smitta, seier opplæringsdirektøren.

Bjørn Lyngedal

BEKREFTAR DØDSFALL: Fylkesdirektør opplæring og kompetanse Bjørn Lyngedal.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Lyngedal håpar ikkje at lærarar tek skrekken.

– Det er ikkje mindre trygt å gå skulen i morgon enn det har vore før, seier Lyngedal til NRK.

Han seier at skulane følgjer dei nasjonale retningslinjene, og har i tillegg byrja med massetesting av både elevar og tilsette.

– Det gjer at me kan sikre i større grad at det ikkje har vore smitte på skulen, forklarer Lyngedal.

Det var Bergens Tidende som først omtalte saka.