Hopp til innhold

Ladeplassar bestemmer ferieruta – dette er dei vakraste (og raraste)

Ein av tre elbil-eigarar planlegg kor dei skal reise i sommarferien ut frå kor dei kan lade. Denne ferien kan vere siste sjanse til å lade på den mest kontroversielle.

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten

FJÆRLAND: Dette er blant dei vakraste ladestasjonane i landet, meiner leiar i Sogn og Fjordane Elbilforening.

Foto: Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten

– Dette er min fyrste ferie med elbil, så vi får så korleis det går, seier Arild Dvergsdal.

Han er på ladestasjonen i Førde og står på farten til Oslo.

– Men eg ville ikkje gjort dette med små ungar. Det blir nok litt kø og venting. Men for vaksne går det bra. Eg kjøper kaffi, slappar av og ser på mobilen.

– Kva med utsikta, ser du på den medan du ventar?

– Ja, men ikkje her.

Rundt han er langstrekte parkeringsplassar og kjøpesenter.

Ein av tre elbil-eigarar planlegg kor dei skal reise i sommarferien ut frå kor dei kan lade.

Det viser ei ny undersøking YouGov har gjort for forsikringsselskapet If.

Ladestasjon for elbil i Øksfjord

FINAST I LANDET? Ein av tre elbil-eigarar planlegg kor dei skal reise i sommarferien ut frå kor dei kan lade. Ladestasjonen i Øksfjord er blant dei mest pittoreske.

Foto: Hilde Bye

– Langtur med elbil fordrar meir planlegging enn å farte rundt i ein bil som går på fossilt drivstoff, seier kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i If.

Så kva er dei finaste ladestasjonane? Og dei raraste?

Den mest kontroversielle ligg i Engerdal i Østerdalen.

Der sette kommunen i 2019 opp ein ladestasjon rett ved kyrkja.

Plasseringa vakte irritasjon og harme – og tårer – og til slutt konkluderte Barne- og familiedepartementet med at ladestasjonen bør vekk.

ladestasjoner foran kirka i Engerdal

TING SOM IKKJE BØR BLANDAST: Barne- og familiedepartementet meiner at denne ladestasjonen bør vekk.

Foto: Susanne Njølstad Skandsen / NRK

Nå er det opp til biskopen å bestemme, men mykje taler for at 2021-sommaren kan vere siste moglegheit til å lade bilen nokre meter frå der skilegenda Gjermund Eggen ligg gravlagt.

Undersøkinga viser at fire av ti sjåførar laster ned kart før dei legg ut på vegen. Medan to av ti «improviserer lading undervegs».

Ladestasjon for elbil i Øksfjord
Foto: Hilde Bye

To fluger i ein smekk

Berit Hornnes er leiar i Sogn og Fjordane Elbilforening. Ho tek til orde for å «kombinere lading og opplevingar».

Den finaste ladestasjonen meiner ho ligg i enden av Jølstravatnet i Sunnfjord.

– Oppgangen til dagsturhytta ligg rett attmed og du kan kombinere ein tur opp der samstundes som du kan lade på fleksi-ladar. Då slår du to fluger i ein smekk.

Ho legg til:

– Det er viktig at det er mogeleg å kunne kjøpe seg litt mat i nærleiken av ladestasjonen eller å kombinere ladinga med eit museumsbesøk, som i Fjærland.

Jannicke Lindvik i SFE seier den best plasserte ladestasjonen ligg i Balestrand langs Sognefjorden.

– Det er ikkje ein hurtiglader, men det er bra, for da kan du med god bruke litt tid på å nyte maten, oppleve et hotell med sjel og ikkje minst dei magiske omgjevnadane.

Romarheim ladestasjon

HORDALAND: Romarheim ladestasjon byr på utsikt til asfalt og skog, og ikkje så mykje anna.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Flest ladarar i Viken og Agder

NHO Reiseliv har gjort ei undersøking blant nær 500 reiselivsbedrifter.

På spørsmål om ein elbil-ladar var tilgjengeleg for gjesten eller i nærleiken til bedrifta svara 45 prosent ja.

Flest ladarar er det i Viken og Agder, med Vestland på tredjeplass.

I Troms og Finnmark svarte berre 24 prosent av reiselivsbedriftene at dei hadde ein elbil-ladar tilgjengeleg.

Lindvik trekk også fram den nyoppførte ladestasjonen i Florø.

– Det er verdas første kombi-ladar for båt og bil. Når den blå promenaden blir klar, så kan du gå ein tur langs fjorden mens du lader.

LES OGSÅ: Båtfolket har rekkeviddeangst

Arild Dvergsdal skal ut på sin første ferie med el-bilen. Han er ikkje råka av rekkeviddenagst

FØRDE: – Dette er min fyrste ferie med elbil, så vi får så korleis det går, seier Arild Dvergsdal.

Foto: Jo Arne Marvik / NRK