Hopp til innhold

Laaaang doning med tung last

Det blir ein del utfordringar når ein 36,5 meter lang doning på over 170 tonn skal ut på vestlandsvegane.

Det skjedde tysdag då ein transformator skulle fraktast dei seks mila frå Førde til Reed. Turen tok fem timar.

Førde - Reed

Mange skodelystne trudde knapt sine eigne auge då dei fekk auge på kjøretyet langs E39 tysdag føremiddag. Firmaet Spesial Transport, som held til i Vestby, hadde i oppdrag og frakte transformatoren på 100 tonn til transformstasjonen på Reed i Gloppen.

Transformatoren starta ferda allereie i førre uke frå Tyskland. Den kom sjøvegen til Førde i eit såkalla ro-ro-farty (roll on roll off).

170 tonn og 36,5 meter

Bil, hengar og lasta hadde ei totalvekt på over 170 tonn, men det var nok lengda på 36,5 meter som fekk augo opp på folk flest som stod langs vegen.
Politi, vegstyresmaktene og eigne følgjebilar var i kortesjen som fulgte med på ferda til Breim. Den største flaskehalsen var rundkjøringa like ved Førde Hotell, litt trongt men ingen umulig oppgåve når ein har seks sett med svingbare hjul til å hjelpe seg heilt bak.

Stogga all trafikk

Etter å ha brukt over ein time til Sunde byrja kortesjen og få opp farta. Når transporten passerte Ålhus stogga politiet alle større køyrety ved Skei til kortesjen hadde passert. Etter ordre frå vegstyresmaktene vart alle bruer passert i 15 km/t.

Då transporten til slutt kom til Reed, hadde den brukt i underkant av fire timer.