– Båten var full av røyk, så eg såg ingenting når eg skulle legge til, forklarer Børe Norland.
Han skulle berre på fisketur, då den eine motoren på fiskebåten takka for seg og begynte å brenne.
ROLEG: Børe Norland tok det heile med fatning då båten hans nesten brann opp.
Foto: Lidvard Sandven / NRK– Det sa «pang» frå motorrommet. Eg våga ikkje opne luka, for då hadde eg nok fått flammane rett på meg. Det var ein dårleg dag på sjøen, seier Norland.



DRAMATISK: Med ein motor i brann og dårleg sikt køyrer båtføraren forsiktig inn til land.
Foto: Christoffer HerlandBøre har erfaring med krisehandtering, og tok det heile med fatning. Han ringde redningsselskapet og sette seg opp på brua.
Medan det brann under beina på han skunda han seg til næraste kai.
Etter ni minuttar var Redningsselskapet på plass. Dei sikta på flammen med vannkanona, og sløkte den største brannen.
Tre minutt etterpå kom brannvesenet med røykdykkarar som gjekk ned i motorrommet og sløkte brannen fullstendig. Medan alt dette skjedde stod Børe på land og filma med mobilen.



I FYR OG FLAMME: Mobilvideoen viser kor stor brannen var då båten låg til kai.
Børe NorlandRask responstid
Norland er utruleg imponert over kor kort tid det gjekk frå han ringde til brannen var sløkte. Skipsførar i Redningsselskapet, Vidar Johannessen, er takksam for lovprisinga, men er minst like imponert over kor iskald Norland var båten brann.
– Han gjorde alt riktig. Utruleg å sjå at han i tillegg klarte å fortøye båten, seier Johannessen.
IMPONERT: Skipsførar i Redningsselskapet, Vidar Johannesen, er imponert over kor klartenkt Norland var under brannen
Foto: Lidvard Sandven / NRKJohannessen seier at dette synleggjer kor viktig redningsbåtar er langs kysten, og understrekar kor viktig samarbeidet mellom dei og brannvesenet er.
– Me er utruleg heldige som har ein brannbåt med så stor kapasitet. Dei kom med sju mann og fullt utstyr, forklarer Johannessen.



SLUKKAR: Slik såg det ut då redningsselskapet slukka brannen i båten
RedningsselskapetVar snart på sjøen igjen
Fiskebåten, med det litt uheldige namnet «Lucky Ruby G», kan trenge både reparasjon og omdøyping i tida framover. Den er likevel ikkje så øydelagt at han ikkje toler ein tur til.
Allereie fire dagar etter brannen, var båten på ein fire timar lang tur frå Bergen til Stord. Men ikkje utan dei riktige forholdsreglane.
– Då var eg omringa av brannsløkkingsapparat og var veldig var på både lyd og lukt, flirer Norland.
Sidan han har hatt båt utan problem i mange år, segler han utan forsikring. Det gjer at han ser for seg at rekninga frå verkstaden blir stor. Til og med dette tar Børe med eit smil.
– Altså 2020 var dårleg, men dette året er i alle fall ræva, skrattar Norland.