Hopp til innhold

Kystvaktskipet KV Bergen segla med koronasmitte om bord

Dagen før det blei påvist koronasmitte i Noreg, segla kystvaktskipet KV Bergen ut frå Bergen. Heile skipet blei kontaminert.

Kystvaktskipet KV Bergen

UNIK SEGLAS: KV Bergen og besetninga sin seglas skulle vare i tre veker. Det tok over dobbelt så lang tid før personellet fekk komme i land.

Foto: Torgeir Haugaard / Forsvaret

25. februar drog kystvaktskipet KV Bergen til havs frå Haakonsvern. Seglasen kom til å vare mykje lenger enn planlagt, og ein smakebit på kva som var i vente kom tidleg.

– Etter fire-fem dagar utan internett, blei vi mildt sagt sjokkerte over korleis tilstanden hadde blitt i Noreg, seier Eunike Nesby, sanitetsgast på KV Bergen.

Dagen etter fekk Noreg påvist sitt første tilfelle av korona.

Om bord var ei besetning på 21, både militære og sivile. Halvparten av dei militære var vernepliktige, og dette toktet hadde dei gleda seg ekstra mykje til.

– Vi skulle jo til Skottland, og det er ikkje så ofte vi i Kystvakta får dra utanlands, fortel meinig Nesby.

Vernepliktige ved KV Bergen på rekruttskulen

UNGE LOVANDE: Eunike Nesby (nr. to frå venstre) og andre meinige ferdige på rekruttskulen og klare for seglas.

Foto: Privat

Fekk covid-19-symptom

Etter å ha vore i land i Skottland segla skipet tilbake mot Noreg 9. mars. To dagar etter gav dei beskjed til Haakonsvern om covid-19-symptom om bord.

– Det var jo rett før vi stengde ned heile landet, det var før handlingsplanar og retningslinjer var kome veldig langt, og då måtte vi hive oss rundt, seier Ole Harald Budal, sanitetssjef i Sjøforsvaret.

Personellet som hadde symptom blei testa i Stavanger et par dagar seinare, og ute på havs igjen fekk dei svar. Éin hadde testa positivt.

Ole Harald Budal blir testa for korona.

GODE RUTINAR: Ole Harald Budal seier dei har gode smittevernrutinar, men at dei aldri hatt stått i ein slik situasjon før, og at det var eit tøft val å halde skipet operativt.

Foto: Forsvaret

Smitte og astma

Når det finst eitt smittetilfelle på eit skip, er heile skipet å rekna som kontaminert. Alle om bord er definert smittefarlege.

Dermed fekk Sjøforsvaret eit dilemma. Skulle heile skipet ut av spel, eller skulle det haldast operativt trass smitte om bord?

– Me tok ein avgjerd om at fartøyet framleis segla, dette er jo eit kystvaktskip som har eit oppdrag å vareta, seier Budal.

Dei måtte halde seg nært land, i tilfelle situasjonen skulle bli meir alvorleg. I tillegg fekk dei ei ny utfordring. Ein av dei sivile om bord hadde astma, og fekk derfor gå i land.

Kunne ikkje berre heile besetninga få gå i land, om éin kunne det?

– Nei, dei kunne eigentleg ikkje det, for då ville det vore brot på smittevernlova om dei skulle reise heim med buss, fly eller tog, så kunne jo vi potensielt bidrege til smittespreiing i samfunnet, svarer Budal.

Med éin påvist smitta, og fem andre i isolasjon på kvar sin lugar heldt fram KV Bergen toktet.

– Eg ville jo lyge om eg sa at vi hadde super-kompetanse på dette på førehand, dette er bortanfor noko nokon av oss har vore med på før, seier han.

KV Bergen sin koronaseilas

Beredskap i karantene

Gjennom heile den 47 dagar lange seglasen hadde kystvaktskipet beredskap langs kysten. Skipssjefen ved KV Bergen, Kenneth Dyb, meiner det var forsvarleg å halde skipet operativt, trass isolert personell.

Kenneth Dyb, skipssjef KV Bergen

TAKKNEMLEG: Skipssjef Kenneth Dyb seier han er utruleg takknemleg for innsatsen til dei vernepliktige på den lange seglasen til KV Bergen.

Foto: Forsvaret

– Vi fekk løyst dei oppdraga vi var pålagt å løyse, ikkje minst takka vere ein formidabel innsats frå dei vernepliktige, seier Dyb.

På det meste var minst seks av personellet isolerte, men Sjøforsvaret held fast på at fartøyet var heilt operativt, og at det ikkje gjekk utover oppgåvene skipet og besetninga skulle gjennomføre.

Personen som fekk påvist covid-19 blei ikkje alvorleg sjuk, men likevel sett av skipet 28. mars. Nye testar tekne 7. april viste berre negative resultat.