Hopp til innhold

Kyrkja lovar tiltak etter knusande rapport om kvardagen til kvinnelege prestar

– Alvorleg, seier likestillingsombodet om ny rapport om arbeidsmiljøet til kvinnelege prestar. No lovar kyrkja tiltak for å skjerpe likestillinga.

Herborg Finnset, biskop i Nidaros bispedømme. Til venstre preses i Den norske kirke, Olav Fykse Tveit. Til høyre domprost i Molde, Olav Gading. Bildet er tatt i forbindelse med vigslingen av ny katolsk biskop i Trondheim katolske stift 031020.

IKKJE UVENTA: Olav Fykse Tveit (t.v.) er preses og fremst blant dei norske biskopane. Resultata kjem ikkje kom som ei overrasking, seier han.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Onsdag vart ein fersk rapport om arbeidsmiljøet i Den norske kyrkja lagt fram.

Den viser mellom anna at éin av tre kvinnelege prestar har opplevd uønskte hendingar. Og at éin av fire har fått «ubehagelege kommentarar» på alder og utsjånad.

Liv Arnhild Romsaas er leiar i Norsk kvinneleg teologforeining. Ho er glad for at opplevingane ikkje lenger kan bli avskrive som synsing.

– Vi har ikkje hatt undersøkingar eller tal som har vist det. Eg er ikkje glad for resultata, men det er viktig å få tala på bordet, seier ho.

Ho får støtte frå sokneprest Mari Saltkjel:

– No har vi eit dokument vi kan samlast om.

Likestillingsombodet: – Dette er alvorlege funn

Det var i fjor haust at sokneprest Mikael Bruun mellom anna hissa på seg konfirmantforeldre.

Prestebråket enda i utmeldingar og intern strid, og kyrkja bestilte til slutt ei arbeidsmiljøundersøking.

Ingrid Vad Nilsen er direktør i Kirkerådet, som bestilte undersøkinga. Ho peikar på at det ikkje finnast liknande rapportar.

– Derfor kan vi ikkje vite om resultata er spesielle for vår verksemd, eller generelle utfordringar i arbeidslivet, seier ho.

Likestillingsombod Hanne Bjurstrøm meiner kyrkja har mykje å ta tak i.

– Det er ikkje tvil om at dette er alvorlege funn, seier ho til Vårt Land.

– Dette kan ikkje vere morosam lesing for den norske kyrkja, og det er noko dei må ta på alvor.

Likestillings- og diskrimineringsombud Hanne Inger Bjurstrøm.

ALVORLEG: Likestillingsombod Hanne Bjurstrøm meiner kyrkja har mykje å ta tak i.

Foto: Kimm Saatvedt

– Ein tausheitskultur i kyrkja

Sokneprest Mari Saltkjel meiner høg deltaking viser kor viktig undersøkinga er.

– Opp mot femti prosent av dei som har ubehagelege opplevingar varslar ikkje arbeidsgivar. Eg ser ein manglande tillit til handteringa hos arbeidsgivar, og det har skapt ein tausheitskultur i kyrkja. Det er viktig å jobbe med i tida som kjem, seier ho, og understrekar at ho har tiltru til at kyrkja vil gjere nettopp det.

Jorunn Økland er teolog og professor i humanistisk kjønnsforsking.

– Resultata samsvarar godt med det som har vore gjort i andre verksemder før. Undersøkinga viser at likestilling ikkje går av seg sjølv, det må bli jobba med, seier ho.

Økland meiner resultata samtidig viser eit paradoks.

– Det er eit sprik mellom det kyrkja ytrar og det dei faktisk gjer. Det er ein positiv vilje, men det skortar på arbeidet med å skape auka likestilling, seier ho.

Ho peikar på at kyrkja er seint ute med undersøkinga.

– Dei treng ikkje å finne opp hjulet på nytt. Det finnast mange som har vore gjennom dette allereie, seier ho.

Feiringa på Blakset starta med gudsteneste i Nordsida kyrkje, ved sokneprest Mari Saltkjel.

VIKTIG: Sokneprest Mari Saltkjel meiner rapporten er viktig for Den norske kyrkja.

Foto: Hege Heggheim Ulvedal

Varslar nye rutinar

Olav Fykse Tveit er preses og fremst blant dei norske biskopane. Resultata kom ikkje som ei overrasking, seier han.

– Eg må innrømme at eg hadde venta det, men fleire problem og tunge historier enn det vi var klar over har no kome fram.

Han varslar no fleire tiltak for å vise at kyrkja praktiserer likestilling.

– Det blir eigne grupper og undervisningsopplegg om mangfald og likestilling. I tillegg skal gode varslingsrutinar på plass, og så må vi finne arenaer for å prate om dette, seier han.

Olav Fykse Tveit

LEGG SEG FLAT: Olav Fykse Tveit er preses og fremst blant dei norske biskopane. Etter rapporten varslar han fleire nye tiltak og rutinar i Den norske kyrkja.

Foto: Øivind Haugen / NRK

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF), rosar kyrkja for å bestilla ein slik rapport.

– Det er viktig at alle tilsette har det bra på jobb. Ingen skal oppleva eit arbeidsmiljø med diskriminering og negative haldningar. Rapporten gir Den norske kyrkja moglegheit til å ta tak i dette.