I 2008 skilte kyrkja og staten lag.
Kyrkjevalet blei viktigare, fordi staten ikkje lenger skulle avgjere saker. Dei innførte difor ei demokratireform, som skulle gjere det lettare å stemme ved kyrkjevalet.
No, 15 år seinare, ser Kyrkja den lågaste valoppslutninga sidan denne reforma. Oppslutnaden var på 9,07 prosent.
Det skapar reaksjonar i det kristne miljøet.
– Når valdeltakinga går såpass mykje ned som no, er det eit varsku om at ein må tenkje gjennom ordninga på nytt, for å fleire til å delta, seier Knut Lundby.
LEGITIMITET: Professor Knut Lundby stiller spørsmål kor godt valet er forankra hjå medlemmane i Den Norske Kyrkja.
Foto: Universitetet i OsloHan er professor emeritus i medievitskap og tidlegare medlem av Kyrkjemøtet, det øvste organet i Kyrkja. I ein kommentar i Vårt Land i helga stilte han spørsmål ved om valet framleis har legitimitet.
– At oppslutnaden kjem så lågt ned, reiser spørsmål om kor gyldig dette valet er, seier han til NRK.
I 2009 finst det ikkje samla tal for heile kyrkjevalet. NRK har derfor brukt talet for soknerådsvalet. Det totale vil difor vere høgare.
Brukte 70 millionar – vil gjere endringar
Den låge valdeltakinga skjer samstundes som det aldri har vore lettare å stemme.
Kyrkja brukte 70 millionar kroner på valet i år, melde avisa Dagen.
Leiar for Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Rauum, er ikkje nøgd med oppslutninga.
– Vi hadde høgare ambisjonar. Vi håpte oppslutninga ville auke, det gjorde ho ikkje, seier ho.
IKKJE NØGD: Kyrkjerådsleiar Kristin Gunnleiksrud Raaum er ikkje nøgd med oppslutninga.
Foto: Den Norske Kyrkja / CF-WESENBERGEit av tiltaka for å gjere valet meir tilgjengeleg var å gjere det mogleg å stemme digitalt, noko som resulterte i rekordmange førehandsstemmer. Dette kosta drygt 8 millionar kroner å utvikle.
Rauum meiner at å bruke 70 millionar kroner på valet er for mykje. Omtrent halvparten av pengane gjekk til å halde vala lokalt.
– Eg tenkjer at det ikkje er berekraftig over tid. Vi har satsa mykje på å utvikle demokratiet, då må ein også bruke pengar på det. Men vi brukar ikkje berre kroner og øre på det, men personalressursar på valet på ein måte som vi må gjere noko med, og det kjem vi til å gjere, seier ho.
BERRE ÉIN KOM: På den nasjonale førehandsrøystingsdagen kom det berre ein innom kyrkjekontoret i Førde for å stemme. Kyrkjeverje Sissel Vartdal meiner det kan vere fleire grunnar til, men nemner den digitale førehandsrøystinga og den låge oppslutninga totalt som to moglege årsaker.
Vil ha ei større endring av heile valet
Den digitale røystinga er noko Lundby meiner var ei god løysing.
34 prosent av alle røystene var digitale førehandsrøyster.
– Det var ein suksess, og kan utviklast vidare for å få fleire til å delta, seier han.
Derimot ser han problem med andre delar av valet som kyrkja brukte mykje pengar på. Til dømes kostnaden ved å arrangere fysisk førehandsrøysting lokalt.
I Førde var det berre èin person som røysta då Kyrkjevergje i Sunnfjord, Sissel Vartdal, sat klar på kyrkjetunet i Førde på kyrkja sin nasjonale førehandsrøystingsdag.
– Eg vart jo litt overraska. Eg tenkte at om det er ein dag ein skal gå å røyste, så er det i dag, seier Vartdal.
Ho meiner at dei har nådd ut til folket, og at den digitale røystinga er eit bevis på dette. Samstundes meiner ho at det må skje endringar.
– Eg trur ein må sjå på valordninga. Kyrkjemøtet må ikkje berre justere ordninga, men ta større grep, seier ho.