Hopp til innhold

Kvinner rana og stukke med sprøyte i Bergen

To kvinner i 20-åra vart natt til onsdag rana av ein rusa mann med sprøyte. Ei av kvinnene vart stukke i armen med sprøyta. Gjerningsmannen er ikkje arrestert onsdag morgen.

Dei to rana skjedde med berre nokre få minutts mellomrom i sentrum av Bergen, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Den første kvinna vart rana i Markeveien for pengar og øyrepluggar, men vart ikkje skadd. Den andre kvinna vart få minutt seinare stukke i armen med sprøyta i Strandgaten, men vart ikkje rana. Ho har fått helsehjelp på legevakta.

Gjerningsmannen i begge tilfella vert skildra som rusa. Politiet mistenkjer at det dreier seg om same person og hadde i natt store mannskap ute på leiting eller mannen.

Ved 7.30-tida var ingen arrestert.

Politiet fekk beskjed om det fyrste ranet klokka 01.06 og det andre 01.10. Begge hendingane skjedde mellom 20 og 25 minutt tidlegare.