Hopp til innhold

Fryktar tortur etter utruskap – går rettens veg for å bli i Noreg

Kvinna var utru mot ektemannen i heimlandet. No fryktar både ho og veninna dødsstraff, tortur og forfølging om dei blir returnert. UNE avviser påstandane.

Oslo tingrett, skilt over inngangsdør

ILLUSTRASJON: Kvinnene har saksøkt Staten ved Utlendingsnemnda (UNE) etter at dei fekk avslag på asylsøknaden. Saka måndag og tysdag i Oslo tingrett.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Seinast 8. januar i år vedtok Utlendingsnemnda (UNE) at kvinnene ikkje skal få asyl.

Men kvinnene, som no er busette i Sunnfjord, meiner feil fakta, bevisvurdering og lovbruk ligg til grunn for avslaget.

Fryktar tortur

I saka som starta i Oslo tingrett i dag, hevdar den eine kvinna at ho står i fare for å bli utsett for «dødsstraff, tortur eller annan umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff» om ho blir sendt heim.

Kvinnene meiner UNE spekulerer når dei legg til grunn at ektemannen ikkje vil melde utruskapen. Dei fryktar at han gjennom stillinga hos politiet/styresmaktene kan påverke rettsprosessar.

Gjennom sluttinnlegget kjem det fram at advokaten deira, Vera Vikki, meiner ein retur vil vere brot på menneskerettslova.

– Dette viser henne til å leve ufrivillig i ein ekteskap, der ho mest truleg vil bli utsett for – som tidlegare – vald og valdtekt, i tillegg til potensielt æresrelaterte represaliar som følgje av hennar utruskap, står det i sluttinnlegget.

Falske dokument

– For begge partar vil dei også leve under ein vedvarande trussel om straffeforfølging og/eller private represaliar som følgje av deira forhold, skriv Vikki.

UNE avviser skuldingane om feil i handsaminga og meiner at eventuelle feil uansett ikkje ville påverka vedtaket. Dei meiner presentasjon av falske dokument svekkjer truverd til kvinnene.

– Asylhistoria står vidare ikkje fram som «nokolunde truverdig», skriv advokat Charlotte Nordbakken i sluttinnlegget.

Sjalu ektefelle

UNE meiner kvinnene ikkje høyrer til noko spesiell sosial gruppe og meiner dei kan søke vern frå staten.

– Årsaka til at ho har blitt utsett for vald frå ektefellen er ikkje hennar tilhøyrsle til gruppa kvinner som såleis, men skuldast det spesifikke familieforholdet som er forklara å vere prega av sjalusi hos ektefellen, står det i slutninga.

UNE ser heller ikkje føre seg at nokon vil melde kvinnene for deira utanomekteskapelege forhold. Dei meiner også at bevisa ikkje er tilstrekkelege til å bli dømde for utruskap.