Kvinnene føder ikkje i Lærdal

Tre av fire gravide kvinner føder ikkje ved Lærdal sjukehus.

Lærdal sjukehus

TAL PÅ VEG NEDOVER: Så langt i år har det vore omkring éin fødsel i veka ved Lærdal sjukehus. Det totale talet fødslar i Indre Sogn er om lag 200.

Foto: unknown / NRK

Tre av fire gravide kvinner i Indre Sogn føder andre stader enn ved sjukehuset i Lærdal.

Halvparten av desse får ikkje lov å føde i Lærdal av medisinske årsaker. Sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge meiner langt fleire ville ha nytta det lokale fødetilbodet om Helse Førde endra retningslinjene sine.

- Det hadde vore veldig ønskjeleg at ein større del av kvinnene fødde der. Og det vil dei gjere, dersom fleire får lov å føde der, og at personalet som jobbar på fødestova får lov å gje medisinsk smertelindring og utføre keisarsnitt - noko dei er veldig godt kvalifiserte til, seier Øien Hauge.

Skjønar ikkje kvifor

Etter at alle risikofødslar i Indre Sogn vart flytte til Førde og Voss, har fødselstalet gått drastisk ned. Så langt i år har det vore omkring 50 fødslar ved Lærdal sjukehus - godt og vel éin i veka. Det totale talet fødslar i Indre Sogn så langt i år er om lag 200.

Nestleiar i Helse Førde-styret, Jorunn Ringstad, har inga god forklaring på kvifor kvinnene reiser andre stader for å føde.

- Men det er klart at eit tilbod må brukast, dersom det både kvalitetsmessig og omdømmemessig skal bli godt, seier ho til NRK.

- Må endre forskriftene

Bente Øien Hauge meiner derimot å ha svaret på kvifor fødselstala er så låge:

- Ein del av kvinnene får ikkje lov å føde der. Andre vil ikkje føde der, fordi dei risikerer å bli sende vidare dersom dei får behov for medisinsk smertelindring eller dei må ta keisarsnitt, seier sjukehusaksjonisten.

- No må Helse Førde syte for å endre forskriftene for fødestova, og la personalet gjere det dei er kvalifiserte til - då vil vi i løpet av kort tid få både doble og tredoble fødselstal lokalt, meiner ho.

- Må ha fødetilbod

Men ingenting tyder på at Helse Førde kjem til å endre på retningslinjene med det første. Ifølgje informasjonssjef Arne Eithun startar Helse Vest på nyåret eit arbeid med ein regional fødselsplan for heile Vestlandet.

Inntil dette arbeidet er ferdig, ønskjer ikkje Helse Førde å bruke ressursar på endringar ved fødetilbodet i Indre Sogn.

- Vi er nøydde til å ha eit fødetilbod i ein så stor region. Vi har lang avstand til andre sjukehus med fødeavdeling. Vi opplever at vegar er sperra grunna ras, og dårleg vêr hindrar helikopter i å komme fram. Så det er er uakseptabelt å ikkje ha eit fødetilbod, seier Øien Hauge.