Kvinne tiltalt for knivstikking

Kvinna som truga og stakk ein person med kniv i Svelgen i oktober er no tiltalt. Til saman seks tilfelle av knivtrugslar og eitt tilfelle av knivstikking er lista opp i tiltalen. Der kjem det også fram at kniven ho brukte då ho stakk ei anna kvinne var stolen. Det vil bli lagt ned påstand om tvunge psykisk helsevern.