Hopp til innhold

Kvinne tiltalt for underslag på 800.000 kroner

Ei kvinne frå Austlandet må i dag møte i retten - tiltalt frå grovt underslag frå tre butikkar i Oslo.

Oslo tingrett sal 250 - tom

TILTALT FOR UNDERSLAG: Kvinna i førtiåra er tiltalt for grovt underslag. Saka skal opp i retten i Oslo Tingrett i dag.

Foto: Øyvind Bye Skille

Ho var tilsett i butikkjeda Audhild Viken AS som selgjer husflidsvarer, gåver og klede i fleire butikkar over heile landet. Kjeda er opphavleg frå Sogn og Fjordane.

I tiltalen heiter det at kvinna underslo til saman kr 813 338 i kontantar som stamma frå butikkane si kontantomsetjing. Underslaget skal ha skjedd i perioden frå mars 2011 til november 2012.

Underslaget blir vurdert som grovt, særleg fordi verdien av det som har vorte underslått er betydeleg og fordi underslaget er eit brot på den tillita som følgde med stillinga kvinna hadde.

Dagleg leiar Harald Viken i verksemda ønskjer ikkje å kommentere saka til NRK, og seier at dei ser på det som ei personalsak.

Dersom kvinna vert erklært skyldig i underslag, er strafferamma inntil tre år fengsel, men om underslaget blir funne særleg grovt er strafferamma inntil seks år fengsel.

Kvinna sjølv avviser at ho har gjort underslag.

– Ho kjem til å erklære seg ikkje skyldig, seier kvinna sin advokat, Jørgen Stueland.

Det er sett av fire dagar i Oslo tingrett til behandlinga av denne saka.