Hopp til innhold

Kvinne til sjukehus etter slåsting

Ei kvinne i 20-åra vart natt til søndag send til sjukehus etter å ha blitt funnen på bakken i Florø sentrum.

Strandgata i Florø

Strandgata i Florø. Illustrasjonsfoto.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Politiet rykte ut etter melding om slåsting i 03-tida. Då dei kom til staden fann dei ei kvinne på bakken i Strandgata.

Kvinna hadde smerter i nakken og blei sendt til Førde sentralsjukehus med ambulanse.

Kva som skjedde forut for at kvinna låg i asfalten er noko uklart, men saka blir etterforska.

– Vi har ein mogleg mistenkt person i saka, det er førebels alt vi kan seie, opplyser operasjonsleiar Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt som elles melder om ei roleg natt til søndag:

  • Ein time tidlegare på natta, i totida. Fann patruljen i Florø ein rusa mann liggande i sentrum. Vedkommande fekk skyss heim.
  • Florø-politiet var også innom ein einebustad i kystbyen der det blei festa høglyd. Festlyden fekk pålegg om å dempe seg i natta.
  • I Førde kan ein person mann i 40-åra vente seg etterspel etter at politiet fann han urinerande oppetter i døra til eit næringslokale i Førde.