Hopp til innhold

Kvinne snubla i steinhelle og brakk lårbeinet – seks månadar seinare er hellene framleis lause

Bergen kommune brukte mellom 15 og 20 millionar på å pussa opp uteområdet midt i sentrum. Etter ei alvorleg fallulukke må truleg noko av det byggast på nytt.

Avstengt vannfonten på Biblioteksplassen ved Bergen storsenter

ULUKKE: Ei kvinne snubla i lause steinheller her på Biblioteksplassen i Bergen. Resultatet vart eit alvorleg brot i lårbeinet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Kvartalet mellom Bergen hovudbibliotek, Bergen storsenter og ærverdige Nonneseter kloster er blant Bergens travlaste gangområde.

I 2011 starta ei omfattande rehabilitering av området. Det vart brukt fleire millionar kroner på nytt betongbelegg, nye trapper i kinesisk granitt, benkar og planting av tre. I tillegg vart det montert fem lysfontener integrert i gangområdet.

No må truleg noko av det gjerast på nytt, etter ei alvorleg fallukke i kvartalet tidlegare i år. Ei kvinne braut lårbeinet etter å ha snubla i ei laus steinhelle.

– Livet endrar brått karakter med ein pasient i rullestol og på krykker, seier ektemannen til NRK.

Komplisert brot i lårbeinet

Det var laurdag 23. mars at han og kona kryssa den nye Biblioteksplassen. Dei spaserte i området med dei fem nye fontenene.

Desse består av små dyser som fører vatn opp med ulik høgde. Rundt sjølve fontena ligg nedfelte fliser som rammar inn vassanlegget.

Men fleire av steinhellene ved kanten var lause. Kvinna tråkka på den nedfelte kanten og då den vippa framover mista ho balansen. I eit forsøk på å få tilbake balansen, hekta ho den andre foten i den same lause hella.

Resultatet vart eit alvorleg og komplisert brot i lårbeinet.

I ein fem timar lang operasjon på Haukeland universitetssjukehus fekk kvinna operert inn to metallskinner.

Kvinne ble alvorlig skadd etter å ha snublet i denne fontenen i Bergen sentrum

LAUST: Seks månadar etter ulukka er ikkje dei lause hellene festa enno, men kommunen har sperra av området.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Håplaust

Ekteparet, som ynskjer vera anonyme, kritiserer kommunen for manglande merking og vedlikehald av fontenene.

– Konstruksjonen av fonteneanlegget, med ein slik kant som ikkje er merka, er heilt håplaus, seier ektemannen.

Ulukka har gitt kona hans alvorlege helsekomplikasjonar. Kvinna er framleis til behandling og det er usikkert om ho nokon gong blir heilt frisk i beinet.

– Livet har i månadene etter ulukka vore prega av oppgittheit og håpløyse. I mange veker var kona mi heilt avhengig av hjelp.

Lovar å ordne opp

Området på Biblioteksplassen vart sperra av etter det alvorlege fallet i mars.

– Det er veldig uheldig og beklageleg det som har skjedd, seier avdelingsleiar Geir Haveraaen i bymiljøetaten til NRK.

Framleis har dei ikkje sikra dei lause hellene, over seks månadar etter uhellet. No lovar Haveraaen at dei lause hellene blir limt i løpet av oktober.

Han seier årsaka til at det har tatt tid er at det allereie i vår var planlagt anna utbetringsarbeid i kvartalet og at ein ville ta arbeidet samstundes.

– Så tok det lenger tid å prosjektere det arbeidet enn venta. Vi ser no at vi kunne berre ha utført liminga av hellene etter ulukka, vedgår Haveraaen.

Lause steiner rundt fontene i Bergen sentrum førte til fall og brekt lårbein på kvinne

BEKLAGAR: Bergen kommune seier det er uheldig det som har skjedd.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Forbetring til 2,5 million

Det planlagde arbeidet til neste vår går ut på å bytte nokre trinn i trappa inn til biblioteket og sette opp eit rekkverk.

– Så langt ein kjenner til var tanken at flisene rundt fontena skulle markera ei overgangssone, men festet av desse har vist seg å vera problematisk, seier Haveraaen.

Derfor skal kommunen vurdere å gjere dette på nytt.

– Vi skal sjå om fonteneområdet kan forbetrast. Vi håpar å kunne komme i gang med det til våren.

Heile oppussinga av området kosta ein stad mellom 15 og 20 millionar. Dei nye utbetringane er venta å koste kring 2,5 millionar kroner.

Området var ferdigstilt i 2015.